NRK Meny
Normal

Vil spørje innbyggjarane til råds om Nordfjord-kommune

Fleire kommunar i Nordfjord vil gjere ei omfattande undersøking av kva innbyggjarane i regionen tenkjer om ein framtidig storkommune.

Ottar Nygård

VIL HA GRANSKING: Ottar Nygård meiner det er på sin plass med ei omfattande innbyggjar-undersøking i Nordfjord.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Eg trur alle kommunane i Nordfjord har behov for å vite kva folk ønskjer. Det er gode signal å få inn no i denne fasen i utgreiingsarbeidet, seier ordførar i Selje, Ottar Nygård.

Det var ordførar Morten Hagen i Vågsøy som kom med framlegget om ei innbyggjar-undersøking.

Han meiner at det no er på tide og viktig for alle kommunane å få høyre kva innbyggjarane ønskjer, og kva retningsval dei kan tenkje seg å gjere.

– No må vi vere lojale i høve dei kommunane som ikkje ønskjer å greie ut ein stor Nordfjord-kommune, som Stryn og Hornindal. Det betyr ikkje at vi ikkje kan ha ei felles undersøking på kva innbyggjarane ønskjer. Då får vi høyre kva folk vil seie i høve Nordfjord i framtida, slår Nygård fast.

Tenkjer inn mot Eid

Nygård er ikkje framand for tanken om ein stor Nordfjord-kommune, men held fast på at Selje i utgangspunktet ser føre seg ein kommune saman med Vanylven, Vågsøy, Bremanger og Eid.

– Men det var fordi Stryn og Hornindal parkerte Nordfjord-alternativet i november 2014. Dermed tenkjer vi kysten og innover mot Eid, fordi vi har så mange interkommunale tenester knytt opp mellom anna til sjukehuset på Nordfjordeid, seier Nygård.

Lunkent frå Gloppen

Men ikkje alle ordførarane i Nordfjordrådet jublar høgt over ideen om ein innbyggjar-undersøking.

– For det første har formannskapet vårt diskutert om vi skulle ha ei undersøking i Gloppen, det har ikkje vore vilje for noko slikt. Så er det jo også slik at i Gloppen så er vi komne langt med ei utgreiing i høve Sunnfjord. Dette må vi eventuelt diskutere i formannskapet, seier Gloppen-ordførar Anders Ryssdal.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå