Hopp til innhold

Vil spare på å opne ruspost

- Helse Førde vil spare store summar som i dag blir brukt til kjøp av behandlinstilbod utanfor fylket ved å opne rusposten på Nordfjordeid.

Nordfjord psykiatrisenter
Foto: Ottar Starheim / NRK

Dette seier Otto Drage, administrasjonssjef ved Nordfjord psykiatrisenter.

Les meir: Har nybygg - ikkje pengar til drift

Den avdelinga for yngre rusmisbrukarar ved Nordfjord psykiastrisenter stod innflyttingsklar i byrjinga av oktober, men framleis er det ikkje noko form for aktivitet i bygningen som står tom. Årsaka til dette er at Helse Førde ikkje har sett av ei krone til drift. Heller ikkje for komane år er det sett av pengar til å drive rusposten. Dermed går 10 unge rusmisbrukarar glipp av eit svært viktig behandlingstilbod.

Samansett reknestykke

Det vil koste om lag 18 millionar kroner i året å drive rusposten, noko styret i Helse Førde meiner blir for dyrt. Men Drage fortel at reknestykket er samansett, og at drift av posten ikkje vil vere så kostnadskrevjande som mange trur.

- For inneverande år brukar vi om lag 10 millionar kroner på behandling av ruspasientar utanfor fylket. I fjor brukte vi om lag 20 millionar. Vi brukar med andre ord betydelege summar på å kjøpe rusplassar utanfor vårt eige system, seier han.

-Så her kunne ein faktisk ha spart ein god del ved å opne rusposten på Nordfjordeid?

-Ja, det kunne vi ha gjort.

Brukar 10 millionar

- Så det vil totalt sett lønne seg for Helse Førde å starte opp på Eid?

- Ein vil iallefall få langt lågare utgifter til kjøp av rusplassar. I år brukar vi 10 millionar på å kjøpe plassar utanfor fylket, medan drift av rusposten på Eid vil kome på om lag 18 millionar. Det er med andre ord ikkje snakk om at ein vil spare dei store summane, seier Drage.