Hopp til innhold

Vil slå saman tingrettane

Regjeringa går inn for å slå saman Sogn tingrett og Fjordane tingrett til Sogn og Fjordane tingrett med hovudsete i Førde.

Sogn tingrett og Fjordane tingrett kan bli slått saman.

BLIR TIL EIN: Fjordane tingrett og Sogn tingrett bør slåast saman, meiner regjeringa.

Foto: NRK

I ei pressemelding frå Domstoladministrasjonen går det fram at regjeringa i framlegget til statsbudsjett framleis vil ha kontorstad og rettsstad både i Sogndal og Førde.

Sorenskrivar Terje Mowatt, som for tida er domstolleiar både for Fjordane og Sogn, er nøgd med framlegget.

– Ein samanslått domstol i Sogn og Fjordane vil kome med i første fase av ei kraftig modernisering av domstolane. Dette er svært positivt for brukarane og aktørane i domstolen. Eg er difor svært tilfreds med Regjeringa sitt forslag, og reknar med at dette går i gjennom i Stortinget.

Sorenskrivar Terje Mowatt

– TILFREDS: Sorenskrivar Terje Mowatt reknar med at Stortinget seier ja til samanslåing.

Foto: NRK

Ros til Mowatt

Sven Marius Urke, som er direktør i Domstoladministrasjonen, seier at han vil gi ros til Mowatt.

– Han er for tida domstolleiar for begge tingrettene, og har utført oppgåva på ein flott måte.

Urke meiner det har vore avgjerande for prosessen at det har vore full oppslutnad om samanslåinga hos dei tilsette i begge domstolane og blant politi og advokatar.

– På dette grunnlaget har dei politiske organa i Sogn og Fjordane stått samla bak samanslåinga. Dette har gjort det langt enklere for regjeringa å fremje forslaget.

Det blir om lag 20 tilsette i Sogn og Fjordane tingrett. Det er Stortinget som tek endeleg avgjerd til samanslåinga i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2017. Det skjer i desember i år.