Hopp til innhold

Vil slå saman fire høgskular

Høgskulen i Sogn og Fjordane kan komme til å bli ein del av eitt stort universitet.

Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.

KAN BLI DEL AV UNIVERSITET: Høgskulen i Sogn og Fjordane opnar for bygging av eit vestlandsuniversitet i strategiplanen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fire høgskular i vest kan gå saman til eitt stort universitet, skriv Bergens Tidende.

- Vil stå sterkare saman

I slutten av november skreiv den faglege leiaren ved Høgskolen i Bergen eit friarbrev til høgskulane i Sogn og Fjordane, Stord/Haugesund og Volda. Der står det at dei vil diskutere moglegheitene for å slå seg saman og bli eitt stort profesjonsuniversitet.

No har svaret komme: Alle tre er positive til å diskutere samanslåing.

- Dersom vi står fram som eitt regionalt, profesjonsorientert universitet, står vi sterkare i ei framtid med konkurranse om både studentar, fagfolk og eksterne oppdrag og forskingsmidlar, seier rektor Eli Bergsvik ved Høgskulen i Bergen til Bergens Tidende.

Open for vestlandsuniversitet

Men vegen fram til samanslåing kan verke lang:

- Høgskulen i Sogn og Fjordane er innstilt på tett samarbeid, men det er ikkje aktuelt med samanslåing med dei tre andre høgskulane på dette tidspunktet. Vi har derimot vedteke ein strategiplan der det heiter at «HSF vil vere open for å delta i bygging av eit vestlandsuniversitet», skriv rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i ein e-post til avisa.