Hopp til innhold

Vil slå ring om Fylkesmannsembetet

– Venstre har vore opptekne av at vi skal behalde dei statlege arbeidsplassane som vi har i Leikanger i dag, seier fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang. Venstre vil slå ring om Fylkesmannsembetet på Leikanger.

Gunhild Berge Stang

KJEMPAR FOR STATLEGE ARBEIDSPLASSAR: Gunhild Berge Stang er fylkesleiar for Venstre.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Bakgrunnen er at det i samband med regionreforma går mot ei samanslåing av fylkesmennene, seier Gunhild Berge Stang, som er fylkesleiar i Venstre.

Dei nye regiongrensene ser dermed ut til å verte dei nye grensene for fylkesmennene.

Også i vår tok partiet til ordet for det same, men då var føresetnaden at Leikanger slo seg saman med Sogndal. Det skjedde ikkje.

– Kampen blir no tyngre, men ikkje mindre viktig av den grunn, seier Berge Stang.

Syner til Trøndelag

Berge Stang brukar Trøndelag som eksempel på at stadar der ein har ein villa politikk om å behalde dei statlege arbeidsplassane på Steinkjer, framfor å flytte dei til Trondheim.

– Vil ein så kan ein få det til, men det er ein jobb å gjere her, og den må vi tatt på skal vi ha sjanse til å lukkast, seier Berge Stang.

100 arbeidsplassar

På Leikanger er det i dag 100 statlege arbeidsplassar. Berge Stang er klar på at ein samanslegen «Sogn kommune» med 20 000 innbyggarar hadde vore lettare forsvare som hovudsete for fylkesmannen i ein ny Vestlandsregion, enn Leikanger med sine 2300 innbyggarar. Ho meiner det likevel er gode grunnar for å behalde Leikanger som hovudsete for fylkesmannen.

– Men det vert ein tyngre jobb å skulle overtyde kommunalminister Jan Tore Sanner og regjeringa om at det likevel er fornuftig å ha fylkesmannsembetet i Sogn, sjølv om ein ikkje har fått til ei kommunesamanslåing.