Hopp til innhold

Vil berre skjerme seg sjølve

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal kutte om lag 230 millionar kroner dei komande åra. Skular, vegvedlikehald og stillingar kan ryke. Det einaste fylkesvaraordførar og Senterparti-politikar Jenny Følling allereie no vil skjerme, er pengane som går til partia sjølve.

Jenny Følling

VIL SKJERME SEG SJØLVE: Følling og Senterpartiet vil skjerme partistøtta. Fylkesvaraordføraren seier omsynet til lokaldemokratiet og folkestyret er grunnen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi må inn på veldig store kutt når vi skal spare 230 millionar. Men at vi klarar å ha eit levande lokaldemokrati, eit folkestyre, er likevel viktig, seier Jenny Følling.

Med kutt på 230 millionar kroner er det mange fylkeskommunale tilbod som står i fare. Men det nest største partiet i fylket, Senterpartiet, er allereie klar på at noko skal skjermast. Nemleg pengane som går til dei sjølve, som partistøtte.

– Pengane går til folkestyret

– Vi har gjeve signal om at partistøtta ikkje er det første vi skal gå laus på. Vi lyt sjå på kvar vi skal ta pengar, men å sikre eit lokaldemokrati i eit folkevald organ er viktig, seier Følling.

– Du er ikkje redd for ei uheldig signaleffekt om at det fyrste du seier er at de vil skjerme er pengane som går til dykk sjølve – til partia?

– Pengane går til politisk aktivitet, til folkestyret, til at dei som vert valde skal kunne gjere ein jobb, og til at ein skal forankre arbeidet lokalt. Visst ikkje ein skal ha det treng ein ikkje noko folkevald organ. Ein må ha parti som fungerer.

– Politikarane må gå føre

Frank Willy Djuvik

MÅ GÅ FØRE: Politikarane kan ikkje skjerme seg sjølve, seier framstegspartileiar Djuvik.

Foto: Benedicte Hole / NRK

– Det er eg heilt ueinig i. Her skal vi ikkje skjerme nokon ting, er svaret frå Frank Willy Djuvik, fylkesgruppeleiar for Framstegspartiet.

Han er villig til å ofre den årlege støtta på om lag 4,4 millionar kroner.

– Det blir tungt for partia å gjennomføre kutt i eigne rekkjer. Men det vert akkurat det same for fylkeskommunen: det er ikkje enkelt å kutte ti prosent. Politikarane må gå føre og vise at vi er villige til å vere med på kutta, seier Djuvik.

Men Følling meiner at partistøtta vernar folkestyret.

– Demokratiet er berande i landet, både i kommunepolitikken, i fylkeskommunal politikk og i nasjonalforsamlinga. Difor må vi verne om folkestyret, seier Følling.

Eit utval samansett av alle fylkesgruppeleiarane skal vurdere kutt i partistøtte før neste fylkesting.