To kajakkpadlarar har omkome i det same stryket på eit år. Ordførar i Sogndal, Karen Marie Hjelmeseter, seier dei vil undersøkje kva som kan gjerast.
Ser ikkje faren
I juli i fjor omkom ein nederlandsk padlar i det same stryket i Bøyaelva. Også han vart sitjande fast i kajakken under vatn. Dagleg leiar i Jølster Rafting, Erik Steinset, seier det er svært vanskeleg å sjå det livsfarlege partiet i elva frå elvebreidda som vender mot vegen.
- Elva går inn under berget ein står på, men det ser ein ikkje frå der ein står. Derfor er det fort gjort å tru at dette ser greitt ut. Då får padlarane dessverre ein overrasking når dei byrjar å padle, seier han
Fryktar ekstremsportutøvarar
Hjelmeseter seier kommunen ikkje har teke stilling til noko enno, og vil fyrst og fremst klargjere kven som eventuelt skal setje opp fareskilt ved elva. Ho fryktar at fareskilt også kan tiltrekkje seg ekstremsportutøvarar som rett og slett vil meistre ei farleg elv. Men Erik Steinset i Jølster Rafting trur fareskilting kan spare liv.