Hopp til innhold

Vil skape eitt topplag i Sunnfjord

Burde erkerivalane Førde og Florø slå seg saman til eitt fotballag? Kai Vidar «Kelly» Nygård vil gjere nettopp det og trur eit stort fotballag i Sunnfjord er det beste for alle.

Endre Kupen

ERKERIVALAR: Då Førde tok imot Florø til den tradisjonsrike 16. mai-kampen i vår vart dei meir eller mindre overkøyrt av rivalane frå kystbyen. På biletet er det Florø-spelar Endre Kupen som måler krefter med to kvitkledde Førde-spelarar.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Vi må tore å tenkje nytt, seier den tidlegare Førde-spelaren.

Som spelar var Nygård kjent for å ha det både i kjeften og i ballfoten. Tolv år etter at han sjølv gav seg som Førde-kaptein meiner han tida er inne for å slå saman Florø og Førde.

Laga litt no i kvar sine ende på tabellen i 2. divisjon. Nygård meiner eitt Sunnfjord-lag vil kunne heve nivået i regionen.

– Kvifor har vi to lag i andredivisjon? No blir det forandra, men sånn har det vore i mange år. Enten er Florø nede og Førde oppe, eller motsett. Eg forstår ikkje kvifor ein ikkje kan ta ein diskusjon om vi burde ha eit samla lag. Det kunne heitt Sunnfjord Fotball.

Kai Vidar Nygård

LYS IDÉ: Kai Vidar «Kelly» Nygård trur eit felles Sunnfjord-lag kan heve nivået i Sunnfjord. Han meiner rivaliseringa mellom byane må vike for å skape eit sterkare fotballag.

Foto: PRIVAT

– Ikkje realistisk

For nokre år sidan var Førde med i opprykkskampen til førstedivisjon. Det gjekk ikkje, og i år rykkjer laget etter alt og dømme ned frå andredivisjon. Samstundes kjempar Florø i år om opprykk til det nest høgaste nivået i landet.

Terje Rognsø

UREALISTISK: Terje Rognsø i Florø trur ikkje på noko samanslåing.

Foto: TRULS KLEIVEN
Leif Arne Åsen

LUNKEN: Forslaget får ikkje umiddelbar støtte frå styreleiar i Førde Fotball, Leif Arne Åsen.

Foto: NRK

Forslaget frå Nygård blir ikkje teke godt imot i Florø.

– Det er ikkje realistisk, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

– Eg har ikkje noko tru på ei samanslåing. Det er store avstandar, og eg trur ikkje ein ny klubb ville fått den entusiasmen som skal til. Plassane her er ikkje store nok til det.

Styreleiar i Førde, Leif Arne Åsen, er litt meir optimistisk. Men han jublar heller ikkje over forslaget.

– Det er ein forlokkande tanke som både eg og Terje Rognsø har kommentert tidlegare. Det kan hende ein skulle tatt kommunesamanslåing først og fotballaga etterpå, ler Åsen.

God rivalisering – dårlegare resultat

Rivaliseringa mellom Florø og Førde har eksistert i årevis, og det har gått prestisje i å vere det beste fotballaget i Sunnfjord. Det kan ha vore til hinder for dei sportslege resultata, meiner Rognsø.

– Konkurransen mellom Florø og Førde har kanskje hindra at vi har fått eit høgare nivå. Men så er det alltid eit spørsmål om kva som er viktigast. Å få eit betre lag eller å behalde konkurransen? Det er det nok delte meiningar om.

– Verdt eit forsøk

Tidlegare Førde-spelar Nygård, trur eit Sunnfjord-lag kunne kjempa mot Sogndal.

– Sogndal treng eit lag bak seg som dei kan rekruttere frå. Samstundes treng andre lag i fylket noko å strekke seg etter.

Nygård trur næringslivet i regionen vil vere positive til å støtte eitt lag, med éin økonomi.

– Eg veit det finst dei meiner det ikkje ville fungert, men det er verdt eit forsøk.