Hopp til innhold

Vil skape eit sterkt havforskingsmiljø i Måløy

50 millionar må på plass for at draumen om eit forskingsinstitutt i Måløy kan realiserast. Målet er bygge ein ny generasjon marint næringsliv i Sogn og Fjordane.

Måløy Marine Ressurssenter

SLIK KAN DET SJÅ UT: Ein intensjonsavtale med eit industriområde i Barstadvika er allereie på plass. Der skal forhåpentlegvis Måløy marine ressurssenter plasserast.

Foto: Illustrasjon

– Vi ønskjer å skape varige lokale arbeidsplassar og styrke det marine næringslivet i fylket, seier Randi Humborstad, dagleg leiar i Måløy Vekst.

Ho snakkar om Måløy marine ressurssenter. Det siste året har ho jobba med planane om eit slikt senter. Eit forskingssenter som skal skape arbeidsplassar og få studentar til Måløy, og som skal samle fiskeri- og havbruksnæringa i fylket.

– Målet er å bygge ein ny generasjon marint næringsliv i Sogn og Fjordane, seier Humborstad.

Randi Humborstad

PÅDRIVAR: Randi Humborstad er dagleg leiar i Måløy Vekst og har leia arbeidet med forskingssenteret.

Foto: Øystein Torheim

Etterlyst i lang tid

Måløy er ein by med mykje marin aktivitet og her ligg ei av dei største fiskehamnene i Noreg, difor meiner prosjektgruppa at eit slikt senter bør plasserast her. Planen er at forskingssenteret skal ligge i Barstadvika og at det skal etablerast eit campus i Måløy sentrum.

Humborstad seier at dette er eit initiativ som har vore etterlyst i lang tid.

– Initiativet til dette kjem frå det lokale næringslivet. Dette går også rett inn i fylkeskommunen sin verdiskapingsplan og strategiske plan for kysten. Det har vore påpeikt at eit slikt forskingsmiljø manglar i fylket vår.

Fiskeriet er i endring

– Vi brukar i gjennomsnitt ein million kroner årleg på å kjøpe forskingstenester. Dei siste åra har vi kjøpt fleire tenester frå eit tilsvarande senter på Island. Det ville vore ein stor fordel å ha desse tenesta i eit nærare miljø, seier Olav Steimler i Ervik Havfiske.

Ervik Havfiske har vore med i utviklingsfasen av senteret og vil gå inn med kapital i prosjektet.

Steimler seier at dei store endringane i den marine næringa gjer at eit slikt senter er naudsynt.

– Vi driver nyskapingsarbeid hele tida og då må vi ha med oss eit akademisk miljø. Fiskeriet er i endring og i den endringa høyrer eit slikt senter heime, seier han.

Måløy-miljø på besøk hos fiskeriministeren

I MØTE MED STATSRÅDEN: Ideen om forskingssenteret vart presentert for fiskeriministeren i april. Han var positiv til planane. Frå venstre: Roger Bergset, Ole Petter Humborstad, Kari Kolstad, Randi Humborstad, Britt Dalsbotten og fiskeriminister Per Sandberg.

Foto: PRIVAT

Vil få fleire unge til å studere havbruk

Senteret er eit samarbeidsprosjekt mellom dei marine bedriftene i Sogn og Fjordane, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås og Måløy vidaregåande skule.

– Miljøet i Måløy byr på spennande moglegheiter og vi som tilbyr utdanning er heile tida avhengig av å vite kva som skjer det ute og kva kunnskapsbehov næringa har, seier Kari Kolstad, dekan ved fakultet for biovitskap ved universitetet på Ås.

Kolstad håpar at dette samarbeidet kan få fleire ungdom frå Sogn og Fjordane til å ta utdanning innan fiske og havbruk.

– Vi ønskjer at ungdom i Sogn og Fjordane skal sjå på universitetet på Ås som ein alternativ utdanningsstasjon. Målet er å rekruttere studentar frå regionen, som kan reise tilbake og jobbe i næringa etter utdanning, seier ho.

Måløy marine ressurssenter

KOSTBART: Skal planane realiserast treng dei 50 millionar kronar som i utgangspunktet skal brukast på forskingsinfrastruktur.

Foto: Illustrasjon

Må skaffe 50 millionar

Etter eit års planlegging er Humborstad utolmodig etter å kome i gong. No har jakta på pengane starta. Målet er å få inn 50 millionar kronar i 2018.

Vi har bedt om tre millionar frå næringslivet. Så håpar vi at bankar, kommunar og fylkeskommunen vil vere med på eit spleiselag for å få inn resten.

Dersom forskingssenteret blir ein realitet, kan det skape mange nye arbeidsplassar i Måløy.

– Vi har sett som mål at vi innan utgangen av 2023 skal ha 35 nye arbeidsplassar i regionen. I eit tiårsperspektiv håpar vi på 100 nye arbeidsplassar, seier Humborstad.