NRK Meny
Normal

Vil sjå på pårørande si rolle

Rune Skjælaaen, nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, meiner politikarane må sjå nærare på pårørande si rolle i behandling av psykisk sjuke.

Rune Skjælaaen
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det kom fram då han besøkte Gerda Frøyen i Kalvåg måndag. 

Frøyen miste sonen sin i sjølvmord for to år sidan, og er svært kritisk til helsevesenet si handtering av saka.

Lang kamp

Rune Skjælaaen og Gerda Frøyen
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Heime i Kalvåg gjorde Gerda Frøyen seg måndag klar til finalen i ein lang kamp. På bordet ligg store bunkar med papir som viser hennar kamp både før og etter at sonen Ole Johan Grønskag tok sitt eige liv. Ho meiner tragedien kunne vore unngått om helsepersonellet hadde teke henne med på råd i behandlinga av sonen.

Særleg meiner ho at kravet om samtykke frå pasienten til å få hjelp er farleg når pasienten er så sjuk at han ikkje veit sitt eige beste. Men fylkeslegen har konkludert med at sonen fekk nødvendig helsehjelp, difor var møtet i dag eit siste desperat forsøk på å få belyst saka

- Må gå gjennom lovverket

Med på møtet var sekretær i foreininga for pårørande innan psykatri, Astri Gytri.

Ho er sjølv psykiatrisk sjukepleiar og meiner saka til Frøyen er viktig. Særleg meiner ho det er viktig å sjå nærare på korleis krav om samtykke frå pasienten hindrar pårørande og andre i å hjelpe når pasienten ikkje vil innrømme han er sjuk

- Det trengst også ein gjennomgang av det lovverket som er der i dag. Her trengst det ei fastsetjing for kor kort tid ein pasient veit sitt eige beste og når han ikkje gjer det. Det er det alt handlar om, seier ho.

Vil ta tak i saka

Og Skjælaaen tok innover seg det han høyrde. For etter møtet med Gerda Frøyen sa han at han vil gå gjennom korleis lovverket fungerer, spesielt med tanke for å gjere pårørande til ein ressurs og ikkje eit problem.

- Eg trur ein må dra nytte av det nettverket som er rundt pasienten, seier helsepolitikaren.

Også han ser at vurderingane rundt samtykke frå ein psykisk sjuk er vanskeleg. Difor vil han be om at helsestyresmaktene ser nærmare på lovene rundt dette.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.