Hopp til innhold

Vil sjå på bruken av Hurtigruten i promoteringsfilmar

Stad skipstunnel forstår at Hurtigruten reagerer på at dei er brukte i reklamefilmar og på bilete. – Men vi har handla i god tru, seier prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad.

Randi Paulsen Humborstad

GOD TRU: Prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad forstår kritikken frå Hurtigruten og seier at dei no vil sjå på bruken av selskapet i deira promoteringsfilmar.

Foto: Øystein Torheim

Hurtigruten vil ikkje lenger å bli nytta i lobbyorganisasjonen Prosjekt Stad skipstunnel sine reklamefilmar og bilete .

Særskilt bruken av «Midnattsol» og nestenhavariet til fartøyet utanfor Stad i 2003, har fått Hurtigruten til å reagere.

– Vi hadde ein god diskusjon i styringsgruppemøtet i går, og ynskjer ikkje å støyte Hurtigruten. Vi ynskjer å følgje spelereglane, så vi skal no gå igjennom materialet og sjå om det er ting vi bør gjere annleis, seier prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad.

Vil ha kontroll sjølve

Anne Marit Bjørnflaten

SLUTT: Anne Marit Bjørnflaten og Hurtigruten vil ikkje lenger la seg bruke av lobbyorganisasjonen Prosjekt Stad.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Det var Dag og Tid som skreiv om saka. Kommunikasjonsdirektør Anne Marit Bjørnflaten sa til avisa at nestenhavariet i 2003 ikkje hadde noko samanheng med sjø- og vêrforhold, men ein blackout i maskina.

Bjørnflaten seier Hurtigruten sjølv ynskjer å ha kontroll på merkenamn og profil.

– Vi ønskjer ikkje å bli brukte i kampanjen. Vi ønskjer også å ha kontroll over bruken av Hurtigruten som merkevare, sa Bjørnflaten til avisa.

– Handla i god tru

Humborstad har arbeidd med Stad skipstunnel i tre år, og seier dei har handla i god tru når dei brukte Hurtigruten i sitt PR-materiale.

Stad skipstunnel

VIL SJÅ PÅ: Stad skipstunnel vil gå igjennom materialet sitt for å sjå om det er noko dei kan gjere for å ikkje bruke Hurtigruten i sine promoteringsfilmar.

Foto: Nordwest 3D/Stad skipstunnel

Ho vedgår at dei ikkje har fått, eller bede, Hurtigruten om samtykke.

– Dette har vore gjort i mange, mange år. Det kan stillast spørsmål ved kvifor ein ikkje har spurt om samtykke, men vi har handla i god tru, seier ho.

– God tru basert på kva?

– Hurtigruten var med på innspelinga då vi laga film i 2005. Richard With tok då ein avstikkar frå si faste rute, og gjekk inn i Kjødepollen. Dette vart filma og seinare klipt inn i filmen om Stad skipstunnel, samt eit intervju med ein av kapteinane om bord. Hurtigruten har ikkje reagert på marknadsføringsmateriellet vårt før no, så vidt eg veit.

Vil gå i dialog

Stein Lillebo

MOGELEG: Stein Lillebo seier det kan vere aktuelt for Hurtigruten å ta stilling til skipstunnelen på eit seinare tidspunkt.

Foto: Art Rent AS

Den siste promoteringsfilmen illustrerer Hurtigruten på veg inn mot tunnelen og på veg gjennom tunnelen.

– Grunnen til at vi har brukt Hurtigruten er at den store tunnelen er dimensjonert etter «MS Midnattsol», seier Humborstad. Ho seier at dei så raskt som mogleg vil gå igjennom materialet sitt. Dei vil også gå i dialog med Hurtigruten.

Rådgjevar Stein Lillebo i Hurtigruten understreka overfor Dag og Tid at det kan bli aktuelt å ta stilling til Stad skipstunnel på eit seinare tidspunkt.