NRK Meny
Normal

Vil sjå på bomring i Førde

Samferdsledepartementet kjem til å gjere ei grundig vurdering av bompengefinansieringa til Førdepakken, det lovar statssekretær Bård Hoksrud i Framstegspartiet.

Bård Hoksrud

SKAL VURDERE BOMRINGEN RUNDT FØRDE: Bård Hoksrud som er statssekretær i samferdsledepartementet seier dei vil vurdere søknaden om bompengar i Førde, men kan ikkje love noko om utfallet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

For å sikre betre vegar i fylkets største by ser det ut til at folk flest må ta ein stor del av rekninga.

Den såkalla Førdepakken vil koste bilistane rundt ein milliard kroner, og skal du gjennom bommane må du belage deg på å betale ca. 20 kroner per passering. Så langt ein ser det for seg no vil bommane stå opp i 12 år før vegutbygginga er nedbetalt.

Men Framstegspartiet i Sogn og Fjordane har kjempa imot bompengefinansieringa, og framleis har dei eit håp om at dette skal bli stogga.

Statssekretær Bård Hoksrud i samferdsledepartementet opnar for å bruke meir statlege kroner på prosjektet.

– Vi har politisk leiarskap i samferdsledepartementet, og i motsetnad til tidlegare politisk leiing i departementet er vi opptekne av å sjå på korleis vi kan redusere bompengedelen og gjere det billegare for bilistane, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bomring i Førde

HER KJEM BOMMANE: Det vert lagt opp til to bommar på E39, éin på vestsida før rundkøyringa ved Førde hotell, éin på austsida på Bruland aust for Farsund Bygg, på riksveg 5 ved sørenden av Klettentunnelen, i Angedalsvegen mellom Kyrkjevegen og avkøyrsla til Presteholten og på fylkesveg 484 ved brua Kronborg-Vie. Det er i tillegg lagt opp til ein sjette bomstasjon på brua som er planlagd mellom Halbrendsøyra og Øyrane.

Foto: Rambøll AS

Lovar kamp mot bompengar

Framstegspartiet gjekk til val med at dei lova å kjempe imot bompengar, men tapte slaget mot Høgre om å fjerne bompengefinansiering heilt.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har likevel halde fast ved at dei er imot bompengar, og sagt at dei vil jobbe vidare for å redusere bompengedelen.

Tre veker etter at Solvik-Olsen og Hoksrud var på plass i departementet stogga Frp eitt planlagt bompengeprosjekt på E134 i nærleiken av Seljord.

– Vil vurdere Førdepakken

Og i regjeringserklæringa står det svart på kvitt at partia skal redusere bompengedelen i nye prosjekt. Det gjeld også Førdepakken.

– Vi vil halde fram med å jobbe for å redusere bompengedelen, og sørge for at det blir lågast mogleg, seier Hoksrud og held fram.

– Vi kjem også til å sjå på Førdepakken når den kjem til oss, og vi vil sjå på kva grep som kan gjerast for å sørge for at kostnadane for bilistane kanskje kan bli noko lågare, seier han, men presiserer at han ikkje kan love noko.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ove H. Håkonsen

GIR IKKJE OPP: Ove H. Håkonsen i Førde Frp gir ikkje opp kampen mot bomringen i Førde.

Foto: Anna Gytri / NRK

Gir ikkje opp

Bomringen rundt Førde kan komme opp allereie om to år. Både Førde Frp og Sogn og Fjordane Frp har kjempa for å unngå dette.

Partiet har mellom anna samla inn over 600 underskrifter og kravd at ei folkerøysting om bompengar. Dette har bystyret i Førde sagt nei til, og for nokre veker sidan banka dei gjennom vedtaket om å søkje om bompengefinansiering av Førdepakken. Frp var det einaste partiet som røysta i mot.

Dermed må folk som skal køyre til og gjennom Førde enn så lenge bu seg på å betale bompengar. Men Ove Håkonsen i Førde Frp har ikkje gitt opp håpet, han håpar partikollegaer i samferdsledepartementet ser at det er urettferdig at bilistane skal betale rundt ein milliard av den samla prislappen på 1,5 milliardar.

– Vi veit at det er ei regjeringsplattform og at Frp er i mindretal. Men vi har trass alt samferdsleministeren, og eg trur vi skal finne ei løysing på dette, seier Håkonsen.

– Sjølvsagt positivt

Olve Grotle, ordførar i Førde, seier det vil kome ein bomring rundt byen, men om departementet ønskjer å spytte inn fleire statlege kroner, så tek han gjerne imot.

– Om det er slik at samferdsledepartementet ønskjer å gå inn med meir midlar og på den måten redusere bompengedelen, så vil eg sjølvsagt sjå på det som positivt, seier Grotle.

Bomring rundt Førde

AKSJON: I forkant av stortingsvalet aksjonerte Frp i Førde for å vise at dei er imot bompengar.

Foto: Silje Guddal / NRK

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser