- Eg er i Førde for å møte personar knytta til saka, seier Tore Sandberg til NRK Sogn og Fjordane.
Fekk treff på DNA
Sandberg opplyser at det er familien til den domfelte Øyfred Henning Standnes som har leigd han inn for å sjå på saka på nytt.
Anne Slåtten vart funnen drepen i Førde i juni 2004. Politiet sette store ressursar inn på å løyse saka. På hausten same året fekk dei DNA-treff, og pågreip Standnes frå Bygstad i Sunnfjord.
LES OGSÅ:
Vart dømd i retten
Han vart seinare dømd for drapet på sjukepleiarstudenten både i tingretten og lagmannsretten.
LES OGSÅ:
Høyr intervju med privatetterforskar Tore Sandberg i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane og sjå sak på Vestlandsrevyen i kveld.