Hopp til innhold

Vil sende akuttpasientar til Volda

Dersom sjukehuset på Nordfjordeid vert nedlagt, vil legane sende akuttpasientar til Volda istadenfor Førde. Det seier fastlege Einar Sandven.

- Viss vi kjem i den situasjonen at vi ikkje har akuttilbod i Nordfjord, vil fastlegane i på nordsida av Nordfjord føretrekke å sende akuttpasientar til Volda sjukehus, seier Sandven.

Vil ha akuttpasientar til Førde

Styret i Helse Førde har føreslått å legge ned lokalsjukehusa på Nordfjordeid og Lærdal og gjere dei om til lokalmedisisnke senter.

Dette betyr at både akuttberedskapen og fødetilbodet i distrikta vil forsvinne. Leiinga i Helse Førde legg opp til at Sentralsjukehuset i Førde skal overta akuttpasientane mellom anna frå Nordfjord. Men dette kan dei i følgje Sandven gløyme.

- I ein slik situasjon vil vi henvise pasientane som treng øyeblikkeleg hjelp til det sjukehuset som er nærast. I dei fleste tilfelle vil det vere sjukehuset i Volda, forklarar Sandven.

Les: – Fødetilbodet vert rasert

Kan bli kostbart for Helse Førde

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde vedgår at det kan bli kostbart dersom helseføretaket mistar nesten alle akuttpasientane frå Nordfjord til sjukehuset i Volda.

- Dette vil bli gjestepasientar som Helse Førde må betale for, men det er ei anna sak. Eg stolar på at legane gjer det som er best for pasienten, seier Øberg.

- Så dette vil bli kostbart for Helse Førde?

- Det kan det bli, avsluttar Øberg.