NRK Meny
Normal

Vil selje Firda Billag til private eigarar

Transportkonsernet Firda Billag kan i løpet av 2016 bli seld til private investorar. Selskapet har vore i offentleg eige sidan skipinga i 1921.

Skulebuss

MANGE RUTER: Firda Billag køyrer dei fleste bussrutene her i fylket. Dei har mellom anna vunne nye anbod i Nordfjord og Sunnfjord.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Selskapet er i dag eigd av 13 kommunar i Ytre Sogn, Sunnfjord, samt Stryn og fylkeskommunen.

Dei eig halvparten av si eiga bussdrift gjennom Firda Billag Buss AS, eigedom, reisebyrå, bilutleige, verkstadar og transportselskapet Transferd.

– Aktuelt for fleire

Det er fylkeskommunen som har teke initiativet til ei drøfting om eit mogleg sal av Firda Billag.

– Gjennom uformelle samtalar med andre aksjonærar har vi forstått at det også for andre aksjonærar kan vere aktuelt å vurdere sal av aksjar i selskapet, skriv assisterande fylkesrådmann Paal Fosdal i eit brev til aksjonærane.

Ola Teigen

POSITIV: Ordførar i Flora, Ola Teigen (Ap), meiner det er på tide å vurdere sal av Firda Billag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vil ha eit felles sal

Han ønskjer ein diskusjon med dei andre eigarane om det kan vere aktuelt å etablere ein eigen, felles salsprosess for eigarskapen i Firda Billag.

Fosdal vil sjølv ikkje kommentere dette, men syner til fylkesrådmann Tore Eriksen. Han stadfestar at fylkeskommunen har teke initiativ til dette.

Har diskutert saka

Den største eigaren i Firda Billag, er Flora kommune, med 14,4 prosent av aksjane. Ordførar Ola Teigen (Ap) seier til NRK at dei alt har diskutert eit mogleg sal.

– Vi har diskutert denne problemstillinga i samband med budsjettarbeidet, og vi spekulerer jo i om det vil vere rett å kvitte seg med aksjane i Firda Billag, seier Teigen.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote