Hopp til innhold

Vil selje badeanlegget

Politikarane i Flora kranglar om kva dei skal gjera med underskotet på over 13 millionar kroner. No føreslår Venstre-leiar Jan Henrik Nygård å selje badeanlegget Havhesten for å kome ut av uføret.

 

Havhesten
Foto: NRK

Det kom som eit sjokk på politikarane i Flora då rådmann Fredrik W. Gulbrandson for to veker sidan presenterte eit underskot på 13,1 millionar kroner. Ingen var førebudde på eit slikt tal.

På formannsskapsmøtet torsdag kveld skal politikarane diskutere kva som no må gjerast. Til Firdaposten seier Venstreleiar Jan Henrik Nygård at eit sal av Havhesten er ei god løysing for å spare pengar.

- Vi får letta litt på lånegjelda og så har Havhesten eit stort potensial som kommunen ikkje klarar å utnytte i dag fordi økonomien er så dårleg, seier Nygård.