Hopp til innhold

Vil satse på rusbehandling

Helse Førde kan no kome til å gå saman med Helse Vest om ei satsing på fleire plassar for ruspasientar. Satsinga er tenkt gjort på Tronvik i Høyanger.

Tronvik på Kyrkjebø

VIL SATSE HER: Det kan kome fleire rusbehandlingsplassar på Helse Førde si psykiatriske avdeling på Tronvik i Høyanger.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Tronvik har kapasitet til å ta imot lang fleire pasientar enn i dag, og eit omfattande utgreiingsarbeid er no sett i gang.

Styreleiar Jorunn Ringstad i Helse Førde meiner Tronvik kan bli eit viktig senter for ruspasientar frå heile Helse Vest-området.

– Bygningsmassen på Tronvik burde vere tilpassa til fleire plassar, og vi veit at andre føretak har problem med å skaffe nok plassar. Så eg ser at her er det ei moglegheit for å få til noko, men dette må skje i samarbeid med Helse Vest, understrekar ho.

Vil satse vidare der dei har kompetanse

Sidan 1956 har bygningane på Tronvik på Kyrkjebø husa pasientar med alvorlege psykiske lidingar. I 2010 fekk avdelinga sju plassar for rusmisbrukarar, men no kan det bli mange fleire.

For på Vestlandet er det eit stort behov for behandlingsplassar, og Tronvik er eit av alternativa som no blir vurdert av eit utval i Helse Vest.

Dette er Jorunn Ringstad særs nøgd med.

– Eg meiner vi har god kompetanse på mange område, og på Tronvik er det mange dyktige folk med lang erfaring. Så om vi får dette til skal vi kunne stille opp med kompetansen, seier styreleiaren.

Avhengig av å selje plassar

60 prosent av ruspasientane som blir behandla i Helse Førde kjem i dag utanfrå Sogn og Fjordane. Sal av plassar til gjestepasientar er ein føresetnad for ei vidare oppbygging av behandlingstilbodet på Tronvik, slår Helse Førde-sjef Jon Bolstad fast.

– Vi yter i dag helsehjelp til veldig mange frå andre helseføretak enn Sogn og Fjordane, fordi vi utnyttar den kapasiteten vi har.

– Eg trur også at det er mogleg, om det er ønskjeleg, at vi utvidar tilbodet endå meir. Men dette er ein prosess som må kome i samband med den regionale revisjonen av rusplanen, seier Bolstad.