Hopp til innhold

Vil samle inn ti millionar kroner for MF Sognefjord

Roald Øvreås har ein draum om å få den gamle båten MF Sognefjord tilbake til sin gamle prakt. No startar han jobben med å få båten heim frå Malaysia.

MS Sognefjord

GAMAL STOLTHEIT: MF Sognefjord har sigla på norske fjordar i mange år. I dag ligg skipet til hamn i Malaysia. Roald Øvreås vil gjerne ha båten tilbake.

Foto: Harry Rundrheim

– Det er ikkje ein kva som helst slags båt det er tale om. Det er faktisk det gamle flaggskipet i Fylkesbaatane dette her, seier Øvreås.

Øvreås har ein lidenskap for gamle båtar, og no håpar han å få med seg fleire likesinna på å hente heim den historiske båten og sette han i stand

– Eg vil selje delar av båten der ein kan kjøpe seg inn og eige ein liten del av båten. Eg ser føre meg at ein del skal koste ti tusen kroner, og at eg skal selje tusen delar.

Les også: Gamle "Sognefjord" til sals.

«Sognefjord» frakta folk mellom Bergen og Sogn og Fjordane frå 1950 og fram til 1982. Då selde Fylkesbaatane til Filmeffekt AS, som gav det namnet «Orion». Selskapet brukte båten mellom anna då filmen «Orions belte» vart spelt inn på Svalbard. Skipet er ein tidlegare minesveipar som vart kjøpt frå den amerikanske marinen og bygd om til sivil transport.

Vil ikkje ha dugnadsbåt

Mange veteranbåtar vert restaurerte og drivne på dugnad. For desse er det etter kvart eit problem å få tak i folk, og nokre meiner ein ikkje må importere fleire båtar. Øvreås er likevel klar på at dette ikkje blir ein dugnadsbåt.

Roald Øvreås

HAR TRUA: Roald Øvreås trur det skal vere mogleg å selje aksjar og få inn fleire millionar i ei9genkapital til skipet 'Sognefjord'.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi skal gjere det skikkeleg. Dette blir ikkje noko dugnadsbåt, der alt skal gjerast på dugnad. Det må vere litt meir midlar slik at ein ikkje skal stå heile vegen og jobbe dugnad for å få det til å gå opp. Med ti millionar skulle i alle fall båten ha eit godt høve til å skinne fint.

Har blitt lova ein million

Men er det mogleg å få noko slikt til?

– Det kan godt hende eg har sikta høgt, men ein eller annan stad lyt ein sikte. Eg pratar med folk på gata, og eg har fått mykje positiv respons. Eg har spurt om folk tykkjer dette er heilt vilt, eller om det let seg gjere. Folk svarar at dette er berre å prøve.

Øvreås fortel at han allereie har fått inn om lag ein million kroner. Det er likevel ikkje signert nokre avtalar, det er berre folk som har lova å stille opp om prosjektet blir noko av.

– Det blir spennande å sjå kva vi kan få til, håpet stig i alle fall. Eg trur det er meir realistisk enn før at "Sognefjord" skal kome heim att, seier Øvreås.