Nordfjordrådet tek no initiativ til ei innsamling av ein slik maskin. MR, eller Magnetisk Resonans, er ein teknikk der ein maskin brukar eit kraftig magnetisk felt til å lage bilete av dei indre delane av kroppen. Heile deg eller delar av deg blir sendt gjennom maskina, og magnetisk fotografert.
Raskt og effektivt
Maskinen har ei mengd med bruksområde. Mellom anna kan ein på ein rask og effektiv måte oppdage svulstar og infarkt tidleg. Noko som gjer at ein kan sette igang målretta behandling. Til og med språkvanskar og psykiske lidingar kan ein finne med maskinen.
Lang ventetid no
For kvar 50.000 innbyggar skal det vere ein MR-maskin. Her i fylket står det berre ein, på sentralsjukehuset. Ventetida er dermed lang og ofte må ein reise vekk for å få MR.
Positive til innsamling
Men Helse Førde har ikkje råd til ein slik maskin, og styret i Helse Førde helsa difor i dag velkomen eit initiativ frå Nordfjordrådet som vil samle inn pengar. Maskinen kan vere på plass alt til neste år dersom innsamlinga går bra, og Thorsnes avviser ikkje at Helse Førde også vil gå inn med pengar både til investering og drift.
Dyr i drift
11 millionar kostar MR-maskinen, i tillegg kostar det ein million å gjere rommet den skal stå i klart. Så kjem dyre årlege oppdateringar på 750.000 kroner, drift og tilsette i tillegg. Helge E. Bryne som er viseadministrerande direktør i Helse Vest og styremedlem i Helse Førde, helsar også initiativet frå Nordfjord velkomen.