Hopp til innhold

Vil samle fødetilboda i Volda

Helse Midt-Norge vil samle fødetilbodet i Nordfjord og søre Sunnmøre i Volda.

Nordfjord Sjukehus

Helse Vest og Helse Midt-Norge er samde om at det bør vere eit fødetilbod mellom Førde og Ålesund.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Slik det står i dag, så trur eg det er den løysinga vi må jobbe for og som det er mest realistisk å få til, seier fagdirektør Nils Eriksson i Helse Midt-Norge.

Samarbeider

Fagdirektøren går eit steg lenger enn administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilsen, som torsdag meinte ein ikkje må kome i ein situasjon der fødeavdelingane både i Eid og Volda blir lagde ned.

I samband med innspela til den framtidige nasjonale fødsels- og barselomsorga, samarbeider dei to helseføretaka om korleis fødetilbodet skal vere organisert i Nordfjord/søre Sunnmøre.

LES OGSÅ: Føde anten i Eid eller Volda

- Eg ser det som vanskeleg at det ikkje skal vere eit fødetilbod i området mellom Førde og Ålesund, sa Nilsen.

700 fødslar

Årleg er det 450 fødslar i Volda, medan det same talet for Nordfjord er 250. Eriksson meiner ei robust fødeavdeling i Volda gir det beste fødetilbodet i regionen.

Direktør for helsefag, forsking og utdanning i Helse Midt-Norge, Nils Hermann Eriksson

Fagdirektør Nils Eriksson i Helse Midt-Norge.

Foto: Torstein Dalemark

- Det vil bli ei noko større fødeavdeling, og så blir det på ein måte ein stad å rekruttere til. Dersom ein legg saman fødslane i Eid og Volda, så er det ikkje fleire enn det som trengs for å ha ei fødeavdeling, seier han og meiner det også bør vere mogeleg for legar på Nordfjordeid å kunne pendle til Volda.

Jobbar for Eid

Leiar i Nordfjordrådet, Gunn Helgesen, jobbar framleis for at fødeavdelinga i Nordfjord skal bestå. Skulle tilbodet likevel bli nedlagt, rettar ho blikket mot Volda - og ikkje mot Førde.

- Dersom det ikkje går an for framtida, så er det Volda som er framtida for oss, seier ho og meiner det vil vere alfor langt for fødande å reise til Førde.