Hopp til innhold

Vil samle alle fødslar i Førde

Styringsgruppa for arbeidet med fødselsomsorga i fylket konkluderer med å legge ned fødetilbodet på Nordfjordeid og i Lærdal.

Lærdal sjukehus
Foto: NRK

I slutten av september kom faggruppa som jobba med svangerskaps- fødsels og barselsomsorga i Sogn og Fjordane med sin konklusjon.

Det gav ein eintydig på at fødetilbodet i Sogn og Fjordane bør vere ved Sentralsjukehuset og ingen andre stader.

No har også administrasjonen i Helse Førde kome fram til same konklusjon.

Styringsgruppa ha vurdert tre ulike alternativ og har bestemt seg for modell 1, som inneberer ein kvinneklinikk i Førde og nedlegging av fødetilbodet på Nordfjordeid og Lærdal.

Har teke omsyn til innspel

Leiar i styringsgruppa Tore Dvergsdal seier at dei i set store og heile har kome fram til det same som faggruppa gjorde.

Faggruppa sin konklusjon har vore ute på høyring, og innspela derifrå har vore tatt med i arbeidet vidare.

- Mellom anna har vi sett nærmare på konsekvensane av at Kvivsvegen opnar i 2012, seier Dvergsdal.

Vil søke samarbeid nordover

I høyringsfråsegnet omtalar også styringsgruppa opninga av Kvivsvegen i 2012 og kva moglegheiter det vil bety for fødande i Stryn, Hornindal og andre delar av Nordfjord.

Gravide vil då få så kort veg og ferjefri veg til Volda sjukehus at dei kan ønskje å bruke dette sjukehuset i samband med svangerskapet og fødsel.

Styringsgruppa ber difor Helse Vest om å fødselstilbodet i deler av Nordfjord og Sogn kan planleggast i lag med Helse Sunnmøre og Helse Bergen.

Eitt medlem usamd i konklusjonen

Styringsgruppa har vore ei brei samansett gruppe med representantar frå heile fylket.

Dvergsdal som er direktør for Kirurgisk klinikk har leiar arbeidet.

Med seg i gruppa hadde han mellom andre Tom Guldhav, overlege ved kvinneklinikken, Marta Finden Halset frå Sogn regionråd, Rune Engeseth, Nordfjordrådet og Else Kjøsnes Hauge som brukarrepresentant.

Berre ein representant var usamd i konklusjonen.


- Rune Engeseth frå Nordfjordrådet hadde eit mandat som gjorde at han ikkje kunne følgje innstillinga vår, og det har vi full respekt for, seier Dvergsdal.

Ikkje nok fødslar

Styringsgruppa har teke for seg kvifor ein ikkje kan tilrå fødeavdeling i Nordfjord.

Helsedepartementet har uttalt at ei fødeavdeling skal ha fire til seks gynekologar i vakt. I Eid er det mellom 250 -300 fødslar per år.


- Det er rett og slett ikkje nok arbeid til så mykje folk for å drive forsvarleg og innanfor dei rammene vi har, seier Dvergsdal.

Utvida barselomsorg

Samstundes føreslår dei å opprette lokale einingar ved lokalsjukehusa. Dei ønskjer det som vil vere ei utvida barselomsorg ved Lærdal og Nordfjordeid sjukehus.

I praksis vil det innebere at gravide kan reise til lokalsjukehusa i forkant av fødselen og få nødvendig oppfølging der.

Likeins skal dei kunne reise tilbake til Lærdal eller Eid etter fødselen for å vere nærmare heime.

Helse Førde går inn for planen

Administrasjonen i Helse Førde fylgjer tilrådinga frå styringsgruppa og føresler at alle fødslar i framtida skal skje ved ein utvida Kvinneklinikk i Førde.

Dei kjøper dermed konklusjonen til styringsgruppa og styret i Helse Førde vil handsame planen i møte neste fredag.