Forsvarar Ivar Blikra i retten. Foto Jostein Nyfløtt NRK.
I retten bad forsvarar Ivar Blikra kommunelegen forklare kva slags oppdrag han hadde.
- Eg hadde vakt den dagen som kommunelege i Førde kommune, og fekk melding frå AMK-sentralen om at det var funne ei kvinne i Angedalsvegen. Eg reiste bort, og såg at området var sperra av. Vi tok på oss drakter før vi gjekk inn til kvinna og det tok ein og ein halv time før vi var klare. Vi gjekk inn til kvinna på den minst sannsynlege fluktvegen, altså baksida i høve til Angedalsvegen.
Trudde ho var påkøyrd
- Kva slags stilling låg ho i, spurde Blikra.
- Eg hugsar ikkje vinklinga på kroppen. Ho låg på ryggen. Eg har gjeve eit avhøyr tidlegare der det står fleire detaljar, seier legen.
Han konstaterte at personen var død, og gav beskjed til politibetjenten som var med inn i området. Legen gjorde ingen notat, og han gjennomførte ikkje ei systematisk undersøking av kvinna.
- Den første teorien til politiet var at det var ei påkøyrsle som hadde skjedd. Dei leita etter bremsespor på vegen, fortel legen.
Raude merke
Han såg på liket og fann raude merker på kroppen i tillegg til skadar på hovudet. Men han såg ikkje merke etter kveling, men understreka at han ikkje er rettsmedisinar, berre ein vanleg kommunelege. Han kunne ikkje seie noko om dødsårsaka til politiet.
- Men eg mistenkte at ho var utsett for eit brotsverk fordi det var merke på kroppen, men dødsårsaka kunne eg ikkje seie noko om, seier kommunelegen.
Det var forsvarar Ivar Blikra som hadde stemna legen som vitne, og han stilte ei rekkje detaljerte spørsmål om korleis Anne Slåtten låg på bakken og kva slags skadar ho var påført.
- Vart ho flytta?
Blikra spurde Bisgaard om avdøde var blitt flytta på.
- Nei - ikkje av meg, svarte legen.
Kommunelegen i Førde fortalde at han tok kontakt med politiet etter å ha lese i media korleis ho låg på bakken. Han lurte på om liket var flytta rundt på.
Kommunelegen forklarer at han tenkte slik fordi han reagerte på måten liket låg på då han var i området. Dessutan såg han ikkje så mykje merke på kroppen som ho skal ha hatt.
Kommunelegen fekk fleire spørsmål frå både aktor og Blikra, og han understreka at han tok kontakt med politiet for å fortelje om sin teori basert på det han hadde lese i avisene - ikkje det han har sett av dokument i saka.
- Eg såg at dei skreiv om ein person som kom ut av skogsholtet ved drapsstaden, og då tenkte eg at det var interessant å fortelje politiet at liket kunne ha vore flytta på, seier han.