Hopp til innhold

Vil rive Hendanes fyr dersom ingen vil ta over

Kystverket vurderer å rive det nesten 100 år gamle Hendanes fyr i Vågsøy, dersom ingen lokale tek initiativ for å overta bygningane.

Hendanes fyr

FORFALL: Hendanes fyr har sett betre dagar.

Foto: Ottar Starheim / Arkivfoto / NRK

Det skriv Fjordenes Tidende.

Fyret blei oppretta i 1914 og har stått ubemanna sidan 1952. Forfallet har vore stort, og no har Kystverket kome fram til at om ingen vil ta over og pussa det opp, blir det jamna med jorda.

– Det er synd at fyret skal rivast, og me håpar at me klarer å koma i kontakt med nokon som har lyst å setja i gang eit prosjekt der ute slik at me kan behalde det, seier Odd Gunnar Myhre, tenesteleiar for kultur i Vågsøy kommune.

Vil flytte fyrlykta

Kystkommunen i Nordfjord har fire fyr: Kråkenes, Skongsnes, Ulvesund og Hendanes. Men no kan fire bli til tre.

Myhre håpar at nokon vil ta initiativet til å bruka fyret til noko. Kva dei vil gjera er han ganske open til.

– Me er opne for det meste. Det er eit krav frå Kystverket at det skal vera opent for ålmenta, men det kan vera i mindre periodar. Det vart utarbeidd ein rapport på 90-talet, då vart det føreslått at det kunne nyttast av kunstnarar som kunne vera der å jobbe, eller so er det innanfor turisme det er stort potensial, seier han.

Kystverket ønskjer halda fram med å drifte sjølve fyrlykta, men vil ikkje ta ansvaret for å pussa opp bygningane.

– Kystverket vil framleis drifte fyrlykta der ute, men dersom det ikkje kjem nokon på bana som vil drifte bygningane, so vil dei kanskje flytte fyrlykta. Me har laga ei skisse på kor dei eventuelt kan plassera den, det kan då bli utanfor Oppedalen.

Hærverk

– Hendanes er det ikkje gjort noko med på ganske mange år, so det er ganske stort forfall. Inngangspartiet er skrudd att fordi det har vore ein del folk der inne og ramponert litt og slikt, og so er alle vindauge er sikra for å avgrensa forfallet, men mykje må nok gjerast. Vegen ut dit må det også gjerast noko med, der har det rasa litt ut, og kan også koma litt stein frå oppsida, seier han.

– Eg tykkjer det er veldig viktig å få fyret opp att å gå. Det er blitt gjort eit godt og viktig arbeid med å sikre det historiske der ute. Den delen er bevart i fleire former, men det hadde vore kjekt å ha ein plass å knyte opp mot det som har blitt samla inn og nedskrive.