NRK Meny
Normal

Vil rive cruisekaia i Skjolden

Investor Oddvar Røysi føler seg uønskt i Luster og vil rive investeringar for kring 250 millionar kroner i Skjolden.

Testa ut verdas første flytebryggje for cruiseskip i Skjolden

VIL RIVE: Det er denne cruisekaia i Skjolden Røysi no vil rive.

Foto: Tage Skjaak Moen

Oddvar Røysi

ÅLEINE: Røysi uttalte tidlegare i sommar at han føler seg åleine i Skjolden.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det er ei konflikt med Luster kommune og lokalavisa Sogn Avis som gjer at Røysi no vil trekke seg ut, og rive cruisekaia og tilhøyrande anlegg som han har bygd opp, ifølge Dagens Næringsliv.

– Når du ikkje er velkomen ein stad så får du lyst til å trekke deg ut, og denne bedrifta går i tillegg med store underskot. Dei pengane kan eg bruke på noko anna i staden, uttalar Røysi til avisa.

Engstelege

Røysi starta sitt engasjement for Skjolden midt på 2000-talet. Sidan det har han bygd opp fleire prosjekt og han skriv i ein epost til NRK at mange lokale er engstelege for framtida til Skjolden.

– Det er mange innbyggarar i Luster som har tatt kontakt og er engstelege for kva som no vil skje i Skjolden. Dei uttrykker angst for å ta til orde.

Skuldar på kommunen

Jarle Skartun

URIMELEG: Jarle Skartun meiner kritikken Røysi rettar mot kommunen er urimeleg.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Røysi legg store delar av skulda for rivingsplanane på kommunen. Bakgrunnen for konflikten skal mellom anna handle om at kommunen etter sterk motstand frå lokalbefolkninga valde å nekte Røysi å bygge gondolbane og helikopterlandingsplass.

– Dei skuldinga som blir retta mot kommunen er i mine auge harde og urimelege, seier rådmann i Luster kommune Jarle Skartun til DN.

Uthengt av avis

Jan Inge Fardal

IKKJE UTHENGT: Sjefredaktør i Sogn Avis Jan Inge Fardal seier dei ikkje henger ut, men driv med vanleg journalistikk også når dei omtalar Røysi.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Røysi er også i konflikt med Sogn Avis, som han meiner har skulda han for å øydelegge bygda gjennom fleire år. I intervjuet med DN meiner han seg uthengt av avisa gjennom fleire år, mellom anna gjennom fleire leiarartiklar om dei ulike prosjekta hans.

– Vi driv med heilt vanleg journalistikk, også i omtalen av Røysi. Eg har kommentert fleire av prosjekta hans på leiarplass og peika på ting som ikkje fall i god jord hos han, seier sjefredaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal.

Føler seg åleine

Tidlegare i sommar kjøpte Røysi helikopter for 300 millionar kroner. Nokre av helikoptera skal inn i cruisetrafikk i områda rundt Stavanger og Bergen. Men på grunn av avslaget på bygging av landingsplass, så skal dei ikkje til Luster. Då han kjøpte helikoptera uttale Røysi til NRK at han føler seg åleine i Skjolden.

Eg har investert fleire hundre millionar kroner, men likevel føler eg at eg står svært åleine der. Det tappar pågangsmotet mitt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.