NRK Meny

Vil rekonstruere dødsulukke

Politiet jobbar for å få til ein rekonstruksjon av bilulukka i Gaular i Sogn og Fjordane der NRK-fotograf Heidi Lise Bakke omkom. Det skriv Bergens Tidende. Ulukka skjedde 17. november i fjor. NRK-fotografen kom i klem då den store varebilen ho var passasjer i hamna utfor ein skrent og vart liggjande på sida i vegen nedanfor parkeringsplassen. Sjåføren av bilen er sikta for aktløyse.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå