NRK Meny
Normal

Vil regulere fleire vassdrag

Miljøbevegelsen er skremd over Regjeringa som vil regulere fleire vassdrag for kraftproduksjon.

Tord Lien sitter i stortingssalen og tar hånden mot haken

VIL MJUKE OPP: Olje- og energiminister Tord Lien vil legge til rette for å auke produksjonen av regulerbar vasskraft.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

– Vi er skeptiske til signala om satsing på nye store kraftverk. Vi trudde og håpa at den epoken var over med statsminister Jens Stoltenberg si nyttårstale i 2001, seier Lars Haltbrekken i Naurvernforbundet.

Ifølgje NVE var 60 prosent av vasskraftpotensialet til Noreg bygd ut ved inngangen til 2014.

Lars Haltbrekken

BEHALDE VERNET: Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet seier stopp til utbygging i Breheimen.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

Vil regulere fleire vassdrag

Då olje og energiminister Tord Lien vitja Sogn og Fjordane måndag, var han mellom anna innom Skogheim kraftverk i Hyen. Der var Frp-statsråden tydeleg på at han vil regulere fleire vassdrag for auka kraftproduksjon.

– Så må vi ikkje gløyme at vi må legge til rette for auka produksjon av regulerbar vasskraft også, sa Tord Lien under vitjinga.

Kjøsnesfjorden kraftverk er det siste store som vart bygd ut i Sogn og Fjordane og stod ferdig i 2010.

Fleire viktige store vassdrag og elvar har blitt omfatta av verneplanar sidan starten av 1990-talet, som Gaulavassdraget og Nausta.

Ønskjer oppmjuking i Breheimen

Breheimen nasjonalpark i Stryn vart vedteke verna i 1993, etter ein omfattande strid om kraftutbygging på 1970- og 80-talet. Likevel ivrar ordførar Sven Flo frå Høgre for utbygging.

– Eg har fått signal tidlegare frå ministeren at dei ønskjer å mjuke opp i forhold til utbygging. Vi har eit uløyst potensial i Stryn og andre kommunar, som i framtidas utvikling i forhold til fornybar energi, er eit potensial vi må sjå på, seier Flo.

Han vil ikkje oppheve vernet av Breheimen, men mjuke opp det, og byggje i randsonene.

– Ja det er rett. Vi ønskjer å bygge ut kraft og få ut ressursane. Vi vil ikkje rasere noko, seier Flo.

Og dette vil gje store inntekter, arbeidsplassar og vekst?

– Det vil gje skatteinntekter. Det vil gje positiv utvikling og det er eit bidrag til eit grønt skifte i forhold til fornybar energi.

Plakat Breheimen Nasjonalpark

VERN: Breheimen nasjonalpark vart opna i 2009.

Foto: NRK

– Må halde på vernet

Men Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet er ikkje einig i at utbygging er fornuftig og framtidsretta.

– Vernet av breheimen Stryn er ein av dei verkeleg store sigrane for miljørørsla i Noreg. Dette vart verna i byrjinga av 90-talet og vi meiner dette vassdraget må bli tatt vare på for all framtid, seier Haltbrekken.

Vasskraft er fornybar energi med svært små utslepp av klimagassar. Slik sett er det miljøvennleg. På den andre sida krev bygging av kraftverk ofte oppdemming eller senking av vatn og bygging av vegar og kraftleidningar. Haltbrekken meiner det er på tide å seie stopp.

– Vi har sett eit stort press på norsk vassdragsnatur som er heilt unikt i verdssamanheng. Det er på mange måtar vår regnskog og vi har eit ansvar for å ta vare på dei få urørte vassdraga som er att i landet, seier Haltbrekken.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.