Hopp til innhold

Vil prøve å gjenopne Flåm skule alt til hausten

FLÅM (NRK) I januar vart gjenopninga av Flåm skule i Aurland utsett til august 2016. No vil politikarane prøve å opne skulen alt til skulestart i år.

Øydelagt av flaumen

OPNAR KANSKJE TIL HAUSTEN: Flåm skule har vore stengd sidan storflaumen i oktober 2014.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Det har vore eit sterkt ynskje frå foreldra, og også blant politikarane om å få skulen i gang att så fort som mogleg, seier ordførar Noralv Distad (H).

Då Flåmselvi gjekk ut over sine eigne breidder under storflaumen i oktober i fjor måtte elevane evakuere skulen sin. Sidan har dei gått på skule i Aurland. Men alle saknar dei skulen sin og håpar dei snart kan vere tilbake.

Saman på folkemøte

– Det har vore kjekt i Aurland, men eg lengtar litt etter å kome attende til Flåm, seier ti år gamle Andrea Mjelde Bjørgum.

Saman med venninna Jenny Børresen (11) var ho torsdag kveld på folkemøte i Flåm, der nettopp framtida til skulen i Flåm var tema. Sjetteklassingen fortel at ho har vore litt uroa etter det var snakk om at skulen ikkje skulle opne igjen før i 2016.

Andrea Mjelde Bjørgum (10) og Jenny Børresen (11)

PÅ FOLKEMØTE: Andrea Mjelde Bjørgum (10) og Jenny Børresen (11)

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Men når dei seier at kanskje skulen opnar igjen til hausten då får eg gå også det siste skuleåret i Flåm, før eg byrjar på ungdomsskulen. Det blir veldig bra viss dei får det til, seier Jenny Børresen.

Torde ikkje fortelje det

På folkemøtet torsdag kveld var også Eli Kristin Stave. Ho hadde ikkje hatt hjarte til å fortelje sonen at skulen hans kanskje blei stengt heilt til hausten 2016.

– Då vi fekk beskjeden om at skulen kunne bli stengt i eitt år til så frykta vi at det kunne vere første steget mot ei nedlegging av skulen, seier Stave.

For bygdefolket er skulen svært viktig, og Stave trur ikkje det kjem til å bli noko problem å få folk stille på dugande slik kommunen etterlyste på folkemøtet.

– Det trur eg ikkje blir noko problem, og det kan kanskje vere godt for folk å få vere med på å få vere med å gjere ein innsats for skulen og bygda.

Må sikrast

Noralv Distad

MELLOMBELS LØYSING: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H).

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Oktoberflaumen gjorde store skadar på blant anna vegen til skulen. Før skulen opnar igjen må også sikrast tilgang for utrykkingskøyretøy fram til skulen langs den mellombelse vegen på vestsida ev elva.

– Det skal vere forsvarleg. Det er klart at ei mellombels løysing vil koste pengar. Men det ligg og i korta at nå vi ser på ei mellombels løysing, så er vi og villige til å ta ein slik kostnad, seier Distad.