NRK Meny

Vil prøve å bli kvitt kloakkberget

Sunnfjord miljøverk vil no prøve å få orden på enorme dungar med kloakkslam i Hesjedalen i Førde. Tonnevis med ureinsa kloakkslam er blitt deponert i området, noko som er i strid med lova i fylgje Fylkesmannen.

No er håpet at slammet kan pakkast inn i såkalla bioceller dei neste ti åra, då skal dungane bli mindre og gassen vil bli brent opp, seier styreleiar i SUM Oddmund Klakegg. Søknad er alt sendt til Fylkesmannen.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote