Hopp til innhold

Krev at profesjonelle fiskar opp rømt oppdrettsfisk

– 500 kroner for kvar rømt oppdrettsfisk er langt frå nok, meiner Eiliv Erdal i Nausta elveeigarlag. Han meiner profesjonelle bør få ansvaret med utfiske av rømlingane – på oppdrettarane si rekning.

Formann i Eid sportsfiskarlag Sven Morten Eikeseth ser utover Eidselva

PROFESJONELLE: Ni personar har løyve til å ta ut oppdrettsfisk frå Eidselva. No håpar også dei at slikt uttak kan gjennomførast av profesjonelle aktørar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Denne hausten har rømt laks frå både Hardanger og Askvoll kome inn i elvar kring om i fylket.

Firda Sjøfarmer lova ut 500 kroner i dusør for kvar fiska rømling etter at 3.741 laks rømde frå anlegget i Askvoll i oktober.

– Det er ikkje i nærleiken av arbeidsinnsatsen som blir gjort, seier Eiliv Erdal i Nausta elveeigarlag.

– Eit stort problem

Rømd oppdrettslaks

LANDA: Denne laksen vart i oktober fiska i ved Osfossen i Gaular

Foto: Tom A. Wangensteen

Difor meiner Erdal at profesjonelle aktørar burde stått for utfisket, og fakturert selskapet som har hatt fisken i merdane sine. Nausta er ei av seks elvar der Firda Sjøfarmer tilbyr dusør.

Her har dei klart å ta ut kring 25 rømt fisk, men elveeigarlaget det er langt fleire i elva.

– Vi har sett meir hopping på elva og større fisk som har gått Naustdalsfossen, seier Erdal.

– Kva er problemet med det?

– Den kan grave opp gytegrusen der villfisken allereie har gytt. Så er det dette med geninnblanding, som er eit kjent problem.

Holaks på 8,9 kilo

Sven Morten Eikeset

SPORTSFISKAR: Sven Morten Eikeset fryktar følgjene av rømt oppdrettslaks.

Foto: Harald Kolseth / NRK

I Eidselva har dei funne kring 60 laks som kan stamme frå rømminga i oktober . Sven Morten Eikeset i sportsfiskarlaget seier at oppdrettslaksen ikkje berre kan forstyrre årets gytesesong.

Den kan gjere det i mange år framover.

– Vi har rømmingar gåande heile tida og har funne fire ulike oppdrettslakstypar. Tidlegare i haust tok vi ut ein holaks på 8,9 kilo med rogn. Den var på veg til det beste gyteområdet, seier han.

– Ein god idé

Mykje frivillig arbeid ligg bak utfisket som no skjer kring om i elvane. I Eid har Eikeset og åtte andre personar løyve til å ta ut oppdrettsfisk frå elva. Her er ein tredjedel av fisken oppdrettslaks.

Eikeset tykkjer framlegget om profesjonelle utfiskarar er ein god idé.

– Eg tykkjer også at dei som eig eller har hatt denne fisken gåande i merdane sine skal betale ein kompensasjon for dei vanskar det skaper og vil koste med eit slikt tiltak, seier han.

Opprettar fond

Administrerande direktør i Firda Sjøfarmer, Carl-Erik Arnesen, seier han ikkje har oversikt over kostnadene til enkelte elveeigarlag, og vil ikkje kommentere saka ytterlegare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Haust ved Nausta

NAUSTA: Elveeigarlaget i Naustdal trur Nausta er full av oppdrettslaks.

Foto: Glenn Thomas Nilsen

Men bønene frå elveeigarane kan bli høyrde. I eit forslag som nærings- og fiskeridepartementet no har ute på høyring, må oppdrettaren som eig fisken betale for å fjerne rømt fisk.

Dersom ikkje fisken kan sporast, skal alle oppdrettarane i landet betale for utfisket gjennom eit felles fond som dei betaler til.

– Vi håpar og trur at dette skal bli ei veldig god ordning. Så vil dette miljøfondet ta hand om dei fiskane som ikkje kan sporast tilbake, seier fagsjef Trude Nordli i Fiskeri og havbruksnæringa.

– Elvane må prioriterast

– Kven skal stå for sjølve utfisket?

– I hovudsak profesjonelle aktørar, men det kan sjølvsagt vere lokale uttaksgrupper som har kompetanse på det. Detaljane kring det er ikkje avklara endå.

Nordli seier at mellom 80 og 100 av landets over 400 lakseelvar er inkludert i ordninga.

– Ein har ikkje kapasitet til å overvake alle lakseelvar. Det må gjerast ei prioritering, men det er fiskarstyresmaktene som saman med miljøstyresmaktene som skal setje kriteria for kven dei meiner det er viktig å setje fokus på, avsluttar ho.