Hopp til innhold

Regjeringa ber om at snøscooterordning blir prioritert: – Dette er spesielt, seier SV

Regjeringa ber fylkesmennene landet rundt om å prioritere tida si på scooterkøyring. Det får SV til å steile.

Snøskuterkjøring

SNØSCOOTER: Regjeringa har gitt 105 kommunar lov til å vere med i ei forsøksordning med fornøyelseskøyring med snøscooter i utmark.

Foto: Bierud, Espen / Espen Bierud/NRK

– Eg synest dette er dårleg prioritering, seier Heikki Holmås som er stortingsrepresentant for SV.

Ordninga med såkalla fornøyelseskøyring med snøscooter i utmark har vekt eit veldig engasjement. Opphavleg skulle ordninga avgrensast til 40 kommunar, men den blå regjeringa har gitt alle dei 105 kommunane som melde si interesse lov til å delta.

I Sogn og Fjordane er det til dømes kommunane Eid og Luster som vil opne for at folk kan bruke dei motoriserte doningane.

Den blå regjeringa har no i eit brev bedt alle fylkesmennene om å prioritere forsøksordninga med snøscooterløyper framfor andre miljøvernsaker.

– Eg synest det er veldig spesielt å gjere dette, seier SV-politikaren Holmås.

Har kalla vedtaket ei «krigserklæring»

At 105 kommunar landet rundt har fått lov til å lage snøscooterløyper for fornøyelseskøyring har møtt sterke protestar.

Ei lang rekkje frilufts- og miljøvernorganisasjonar har protestert. Allereie i slutten av november rasla dei med sablane og kalla vedtaket ei krigserklæring.

– Vi meiner dette er ei krigserklæring mot norsk friluftsliv, rasa generalsekretær i Turistforeininga, Nils Øveraas og hadde mange i ryggen.

Heikki Holmås

KRITISK: Heikki Holmås i SV likar svært dårleg regjeringa sine signal om prioritering av snøscooterkøyring i utmark.

Frustrert over signala

Det er miljøvernminister Tine Sundtoft og kommunalminister Jan Tore Sanner som har sendt brev til alle fylkesmennene i landet.

Der ber dei staten sin forlenga arm ute i kommunane om å prioritere tid og ressursar på den omstridde forsøksordninga med snøscooterløyper.

– Dette betyr at vi har ein miljøvernminister som meiner det er viktigare for fylkesmannen å bruke sine ressursar på å sørge for at det blir meir snøscooterkøyring i naturen, i staden for å hjelpe kommunane med å føre ein god miljøpolitikk, sukkar Heikki Holmås i SV.

(Artikkelen held fram under)

Det blir opp til hver enkelt kommune hvor de vil ha snøskuterløyper. Den nye regjeringen går inn for ei lovendring.

Skulda regjeringa for frislepp

Slaget står mellom kvite vidder og raske snøscooterar når regjeringa vil at 105 kommunar i landet skal få lov til å lage snøscooterløyper for fornøyelseskøyring.

Saka har prioritet i regjeringa og var noko av det første Frp-leiar Siv Jensen kunne røpe denne hausten.

– Dette er det mange som er opptekne av, konstaterte Siv Jensen då dei blå partia la fram si regjeringsplattform.

Men saka har altså vekt sterke protestar frå organisasjonane til reiselivet og friluftslivet.

Den Norske Turistforeininga klaga i november vedtaket om å utvide forsøksordninga inn for Sivilombodsmannen og kravde saman med organisasjonane Virke og Friluftslivet fellesorganisasjon at vedtaket måtte kjennast ugyldig.

– Vi nærmar oss det talet kommunar som har snø i vinteren dette landet. Dette er ikkje lenger ei forsøksordning, men eit frislepp for snøscooterkøyring for fornøyelses si skuld, sa generalsekretær Nils Øveraas i Turistforeininga.

– Viktig at saka blir prioritert

Og nettopp dei krasse protestane er bakgrunnen for at regjeringa har funne det nødvendig å sende brev til fylkesmennene. Det seier statssekretær i Miljøverndepartementet, Lars Andreas Lunde.

– Akkurat no er det størst engasjement rundt denne saka, og difor meiner vi det er viktig at saka blir prioritert.

– Men så skal sjølvsagt fylkesmennene også jobbe med andre miljøsaker på ein god måte, og det har vi full tillit til at dei er i stand til, understrekar han.