Vil på Stortinget
Ordførar i Askvoll Frida Melvær kunne tenkt seg å vere Høgre sin representant på Stortinget, det skriv avisa Firda i dag. Ho stiller likevel berre som kandidat dersom sitjande stortingsrepresentant Bjørn Lødemel ikkje har lyst på attval. Bjørn Hollevik frå Florø kunne og tenkt seg å stille, skriv avisa.