Hopp til innhold

Vil opprette oljeutdanning i Florø

Brønnteknikk kan frå neste år bli eit studietilbod ved Flora vidaregåande skule. Rektor Knut Christian Clausen jublar for forslaget.

Flora vidaregåande skule

KAN FÅ NY LINJE: Frå neste år kan 12 elevar få gå på linja brønnteknikk ved Flora vidaregåande skule. – Ei god nyheit for oljenæringa i fylket, meiner rektoren ved skulen.

Foto: NRK

Det var under eit møte i hovudutval for opplæring at politikarane i dag gjekk inn for å opprette eit studietilbodet VG2 brønnteknikk ved den vidaregåande skulen i kystbyen.

Clausen seier eit slikt tilbod er etterlengta av fleire.

– Først og fremst må dette vere ein god nyheit for heile oljenæringa i Sogn og Fjordane.

– Det er eit tydeleg fylkeskommunalt bidrag inn i oljesatsinga og særleg i miljøet i Florø, seier Clausen til NRK.no.

Meiner etterspurnaden er der

Arbeidarpartiet fremja forslaget om den nye linja under møtet i Hovudutval for opplæring onsdag, og dei fekk full støtte frå alle dei andre medlemmene.

I dag kjøper fylkeskommunen studieplassar på brønnteknikk i Hordaland., og det har vore stor søknad til desse plassane.

Arbeidarpartipolitikarane Nils P. Støyva og Karianne Torvanger meiner begge at dette lovar godt i forhold til å skulle opprette eit slikt tilbod i eige fylke.

– Viktig for oljesatsinga i fylket

Finansiering av eit studietilbod med 12 plassar for brønnteknikk i Florø er tenkt finansiert ved at ein omdisponerer middel som ein i dag brukar til kjøp av skuleplassar andre stader i landet.

– Vi har teke signala frå oljenæringa på alvor og bygger no opp under den satsinga vi ser på blant anna subsea og oljenæringa langs heile kysten av Sogn og Fjordane, skriv Støyva og Torvanger i ein e-post og legg til.

– Dette er også særskilt viktig for utviklinga av Fjordbase i Florø. Fylkeskommunen har som mål å vere ein regional utviklingsaktør, utlysing av denne linja er heilt i tråd med denne tenkinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Røyrlager på fjordbase i Florø

VIKTIG: Arbeidarpartiet meiner eit studietilbod for brønnteknikk i kystbyen vil vere viktig for vidareutviklinga av Fjordbase i Florø.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dette er framtidsretta

Etter å berre ha fått «smular» av det norske oljeeventyret opp gjennom åra, ser fylket – og først og fremst Florø no omsider ut til å få sin del av kaka. Fleire nykommarar i bransjen etablerer seg no i kystbyen.

For ein liten månad sidan vitja olje- og energiministeren kystbyen då han la ned grunnsteinen på den nye driftsbygningen til BG Norge.

Rektoren ved Flora vidaregåande skule er klar på at eit slikt tilbod vil kunne bety mykje for industrien og trur det blir populært blant dei unge.

– Dette er ein god, konstruktiv og framtidsretta måte å gjere dette på, seier Clausen til NRK.no.

Trur tilbodet blir attraktivt

– I dialogen som fylkeskommunen har hatt med oljenæringa har det kome tydeleg fram at det er etterspurnad etter arbeidskraft, spesielt i forhold til undervannsteknologi.

– Eit studietilbod innan brønnteknikk er nok det som i størst grad støttar det behovet, seier rektoren.

Politikarane ser for seg at linja skal ha 12 studieplassar.

– Eg trur dette er ein god start. Dette er ei linje som vil rekruttere breitt frå heile Sogn og Fjordane og vere attraktivt for mange elevar.

Forslaget skal formelt avgjerast av fylkestinget.

Vil framleis ha to idrettsklassar

Under møtet i dag gjekk politikarane også inn for å redusere tilbodet på byggfag og medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule.

Samtidig gjekk dei inn for at det likevel skal vere to idrettsklassar for sisteårselevar ved skulen i Sogndal, det skriv Sogn Avis. Med dette går politikarane i utvalet i mot forslaget som kom frå direktøren for opplæring.

Fleire av utvalsmedlemmene skal ifølgje Sogn Avis ha teke til orde for at det ville vere å narre dei som allereie hadde søkt og fått plass i to klassar første året, om ein valde å ta vekk den eine andreklassen frå komande skuleår.