Hopp til innhold

Opna vegen over Strynefjellet etter to døgn

Riksveg 15 over Strynefjellet er no opna etter skredet i Grasdalen 1. juledag.

Vinterføre på riksveg 15 over Strynefjellet

VINTERFØRE: Slik ser det ut for bilistar som skal over riksveg 15 Strynefjellet onsdag.

Foto: Kristin Granbo / NRK

Vêret dei siste dagane har gjort det vanskeleg å få gjort gode nok vurderingar av fjellsida der raset kom frå, så først i dag har geologen frå Norges Geotekniske Institutt (NGI) fått gjort ei vurdering.

– Vurderingane som geologen har gjort no er at vêret er betre, det har ikkje kome nysnø og det har ikkje vore vind. I tillegg er vêrprognosane bra, så no tek vi sikte på å få opna vegen rundt klokka 12, sa Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen til NRK.no onsdag føremiddag.

Vurderer det som trygt nok å starte rydding

Området i Grasdalen på Strynefjellet er ifølgje NGI eit av dei mest skredutsette områda i Norge. NGI har ein eigen snøskredsforskningsstasjon i området, der dei samlar inn data om vêr- og snøforhold og kartlegging av snøskred i området.

Stensrud er seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen i Oppland. Han seier omsynet til tryggleiken til både deira eigne folk og bilistane har gjort til at dei ikkje har vurdert opning av fjellovergangen tidlegare.

– Vêrsituasjonen som har vore har gjort det vanskeleg å gjere ei vurdering av fjellsida. Vi er veldig opptekne av tryggleiken til både våre eigne brøytesjåførar, men ikkje minst trafikantane. Det har gjort til at vi samråd med geologen frå NGI, har valt å halde vegen stengt.

Saman med NGI held Vegvesenet tett oppsyn med skredfaren i området, og Stensrud kan ikkje utelukke at vegen blir stengt på grunn av rasfare seinare i veka.

Strynefjellet

STARTAR RYDDINGA PÅ RIKSVEG 15: Vegen over Strynefjellet har vore stengd sidan måndag, då det gjekk eit snøras over vegen om føremiddagen.

Foto: Statens vegvesen / Webkamera

Det har vore trøbbel på fleire fjellovergangar

Vêret har skapt utfordrande køyreforhold fleire stader i landet gjennom jula. Om føremiddagen tredje juledag var det framleis trøbbel på fleire sentrale fjellovergangar i Sør-Norge. Situasjonen har betre seg utover dagen.

Slik er stoda på fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet onsdag klokka 14.30:

  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke.
  • E134 Haukelifjell: Opna for kolonnekøyring klokka 12.45. Vegen har vore stengd i føremiddag på grunn av uvêr.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Stort sett snø- og isdekke.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Opna for trafikk etter uvêr like før klokka 13.30. Snø- og isdekke.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke, fare for glatte parti. Fare for elg.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke.
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Snø- og isdekke, redusert sikt.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Snø- og isdekke.

Statens vegvesen si oppdaterte liste over vegstengingar finn du her.