Trenar Ståle Steindal seier at klubben på sikt har ei målsetjing om å kjempe i toppen. For sjølv om laget har spelt 16 sesongar på rad i 3. divisjon, har klubben for det meste hamna midt på - eller på nedre halvdel av tabellen. Beste resultat er to fjerdeplassar.
Betre treningar
Ståle Steindal går inn i sin tredje sesong som Høyang-trenar. Det første Steindal gjorde då han tok over var å auke treningsdosane. Den 30 år gamle midtbanespelaren Svein Inge Bergset har vore med dei siste 15 sesongane, og han meiner betre treningar har ført til at laget har nærma seg dei beste.
Kan likevel overraske
I fjor hamna laget på ein fjerdeplass. Men med årets sterke 3. divisjon tippar vårt ekspertpanel med Stig Roger Eide, Geir Navarsete, Stig Nord Høyang på ein sjuandeplass. Geir Navarsete trur likevel at Høyang kan overraske fordi dei har eit spennande lag på gang. Stig Nord meiner at klubben dei siste åra har fått til ein god klubborganisasjon og at talentutviklinga er blitt betre.
Høyang er blitt stabile
Fotballag opparbeidar seg ofte eit kjenneteikn. Landslaget slår mange langballar og engelske Arsenal var ein gong kjent som "boring Arsenal", eller på godt norsk, kjedelege Arsenal. Høyang er blitt kjent som laget som kan slå dei beste, men som taper mot svakare lag. Stig Roger Eide trur at den manglande stabiliteten er ei av årsakene til at laget etter panelet si meining hamnar på ein sjuandeplass i år. Men Ståle Steindal meiner at fjorårets stabile sesong er prov på at den tida er over. Laget er blitt meir stabilt, meiner han.
Morosamt på Sletta
Interessa for å spele fotball i Høyang er det ikkje noko å seie på. Klubben stiller seniorlag også i 5. og 6.divisjon og har til saman 60 seniorspelarar i klubben. Men ein ting er sikkert: Med sin tekniske spelestil og kreative spelarar som Thomas Frichsen og Svein Inge Bergset på laget, trur Stig Nord det til tider kan bli morosamt å sjå på Høyang i årets sesong. Men ikkje morosamt nok til at laget hamnar over midten av tabellen.