NRK Meny
Normal

Vil møte statsråden

Høgre og Frp vil møte statsråden for å stoppe ei nedlegging av Bioforsk forskingsstasjonen i Fjaler.

Bioforsk Vest Fureneset

VIL BEHALDE FURENESET: I neste veke møter Frp og Høgre landbruksminister Sylvi Listhaug om saka.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Høgre og Framstegspartiet får møte landbruksminister Sylvi Listhaug førstkomande onsdag morgon, og vi får då høve til å legge fram vårt syn i saka, seier Frank Willy Djuvik, som er fylkestingsrepresentant for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane.

Torsdag vart det kjent at interimsstyret for NIBIO, Norsk institutt for bioøkonomi rår departementet til å legge ned forskingsstasjonane på Fureneset i Fjaler og Løken i Valdres.

I mars gjekk også styret i Bioforsk inn for å leggje ned Fureneset, samt forskingsstasjonane på Holt og Løken.

Vil stogge planane

NIBIO er ei samanslutning av tre ulike forskingsinstitutt som no skal gå saman til ein. For å få dette til foreslår altså interimsstyret å legge ned stasjonane på Fureneset og Løken, men Høgre og Frp vil stoppe planane, seier Djuvik.

Frank Willy Djuvik

MØTER MINISTEREN: Frank Willy Djuvik, fylkestingsrepresentant for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi ynskjer å vidareføre forskingsstasjonen på Fureneset fordi dei bidreg med forskingsarbeid som er viktig for landbruket og utviklinga av landbruket på Vestlandet, og er eit signal som vi ynskjer å gi direkte til statsråden.

For i siste instans er dette ei avgjerd som skal takast av statsråden.

– Så vi har gitt beskjed til departementet om at vi er nøydde til å møte dei snarast råd no etter at interimsstyret har fatta si avgjerd, men før departementet tar si avgjerd.

Står saman

– I dei diskusjonane vi har hatt i forkant no så er Høgre og Framstegspartiet samde om haldninga frå Sogn og Fjordane si side, og den ynskjer vi å legge fram for statsråden, seier Djuvik.

Kor stor vurderer du sjansen for å nå fram?

– Det er veldig vanskeleg å seie, dette er jo ei sak som statsråden i utgangspunktet ikkje har vore borte i, før innstillinga no kjem. No skal vi sette oss inn i vedtaket frå interimsstyret før vi møter statsråden, og så får vi kome attende til kva vi trur etter at vi har snakka med statsråden.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå