Helseføretaket vedtok onsdag å legge ned sjukehuset i Florø og gjere fødeavdelinga i Lærdal om til fødestove.
Fylkesordførar Nils R. Sandal er opprørt over Helse Vest. –Dette er stikk i strid med det som folk i Sogn og Fjordane meiner om desse svært viktige tenestene, seier han.
Møte med Høybråten
Helseministeren skal avgjere framtida for sjukehusa i Florø og fødeavdelinga i Lærdal onsdag 18. juni. Sandal har no bede om eit møte med helseministeren før denne datoen. Sandal beklagar at Stortinget ikkje får seie si meining i denne viktige saka, og han innser at det blir vanskeleg å snu dette vedtaket.
Samla stortingsbenk
I ettermiddag sit heile stortingsbenken frå Sogn og Fjordane samla for å drøfte kva dei kan gjere vidare. I og med den knappe fristen fram til vedtak i departementet hastar det med å få gjeve helseministeren dei siste innspela frå ein samla stortingsbenk.
Per Steinar Osmundnes
Ikkje overraska
Per Steinar Osmundnes frå KrF seier han ikkje vart overraska over Helse Vest. – Etter vedtaket i Helse Førde var det ikkje anna å vente, seier han. Han seier han no vil jobbe saman med dei andre stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane for å få til ei best mogleg løysing for fylket.