Hopp til innhold

Vil mjuke opp reglane i utmark - kan opne opp for catskiing og meir skuterkøyring

Den nye regjeringa kan gjere det lettare få køyre snøskuter. I tillegg opnar det opp nye moglegheiter for dei som vil drive med såkalla catskiing.

Snøskuter/catskiing

KAN BLI EIT VANLEG SYN: Får Frp og Høgre det som dei vil, kan kommunane sjølv bestemme over den motoriserte køyringa i utmarka.

Foto: Svein Jan Hjelmeset/Mads Jonsson

Høgre og Framstegspartiet sit i desse dagar i regjeringsforhandlingar og eit av måla er å mjuke opp ein del av dagens reglar.

Frp-leiar Siv Jensen seier at kommunane sjølv skal få bestemme om dei skal få lov å drive på med motorisert ferdsel i utmark. Støtte frå Senterpartiet kan sikre at det blir fleirtal for skuterkøyring i fjellet, skriv VG Nett.

Det betyr at det allereie frå vinteren kan bli lov å køyre snøskuter i 108 kommunar i Norge. Det er kommunar som har søkt om sjølv å få bestemme om folk skal få bruke skuter eller anna motoriserte køyretøy i utmarka.

Vil ikkje ha frislepp

SP-leiar Liv Signe Navarsete seier det er positivt at den dei nye regjeringspartia vil la kommunane sjølv bestemme.

– Men vi vil ikkje støtte eit fullstendig frislepp. Vi må sjå det endelege forslaget før vi bestemmer oss for å støtte det, seier ho til VG.

Naturvernforbundet er derimot skeptisk og fryktar at det vil bli meir motorisert ferdsel i naturen.

– Dette kan føre til stor skade for plante- og dyreliv. Det er også mange folk som ikkje ønskjer ein skuter på kvar fjelltopp, seier leiar Lars Haltbrekken.

Underlagt strenge reglar i dag

Ivar Kvalen

VIL BESTEMME SJØLV: Luster-ordførar Ivar Kvalen (Sp) ønskjer å regulere skuter-bruken i kommunen sjølv.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ein av kommunane som har søkt om å få bestemme sjølv, er Luster. Ordførar Ivar Kvalen (Sp) seier Luster er ein kommune med store fjellareal.

– Vi har sett at det er behov for å bruke skuter i delar av kommunen. Vi ønskjer å forvalte dette sjølv, utan å måtte søkje Fylkesmannen om løyve, seier han til NRK.no.

Han seier dei i dag har avgrensa moglegheiter for å bruke snøskuter i utmark fordi det er underlagt strenge reglar.

– Det er ikkje slik at vi vil ha fullstendig frislepp. Vi ønskjer å definere konkrete område der det skal vere mogleg å få køyre skuter. Eg trur vi med dette kan få slutt på ein del villkøyring vi er plaga med i dag.

– Eg meiner kommunane i større grad må få bestemme, men vi skal sjølvsagt ta omsyn til vilt og sårbar natur, seier han.

Vil tilby catskiing

Janne Endal Andersson

OPTIMIST: Janne Endal Andersson ved Harpefossen trur dei snart har catskiing på plass.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Eid er den andre kommunen i Sogn og Fjordane som no kan få nytte motoriserte køyretøy.

Her er ønsket å få lov til såkalla catskiing. Det vil seie å nytte trakkemaskin med ein påmontert kabin som transport til utvalde fjelltoppar, for deretter å køyre uspora pudder ned att. Namnet kjem av at trakkemaskin rett og slett vert kalla snowcat på engelsk.

Marknadssjef Janne Endal Andersson ved Harpefossen skisenter seier ei varsla oppmjuking av reglane lovar godt for dei.

– Dette betyr at vi kan halde fram med planane for catskiing. Dette vil plassere Harpefossen og Sogn og Fjordane på kartet. Catskiing er veldig populært i utlandet, men det er få stader som tilbyr det. Dette blir eit lågterskeltilbod og fleire får moglegheita til å nå fjelltoppane våre.

Ho seier at trenden er meir og meir naturbaserte opplevingar, men at turistane ikkje berre vil sjå, men oppleve også.

– Det handlar om å gi dei ei wow-oppleving. Dette kan bli eit nytt trekkplaster for dei som ikkje kan eller vil gå opp på fjelltoppane sjølv. No gler vi oss veldig og eg er 99 prosent sikker på at dette snart er i boks.