NRK Meny

Vil mjuke opp kravet til lausdrift

Sogn og Fjordane KrF krev at kravet til lausdrift blir mjuka opp for å sikre at mindre buskapar kan halde fram drifta også etter 2024. Frå 2024 blir det ulovleg å halde kyr på bås i fjøset, og tusenvis av bønder må dei neste åra investere stort, eller leggje ned drifta. Tine-rådgjevar Jo Helge Sunde har tidlegare sagt at det i Sogn og Fjordane blir svært vanskeleg å få alle mjølkeprodusentane over på lausdrift i tide. KrF sitt fylkesårsmøte meiner det må tilførast meir investeringsmidlar og ønskjer seg ei opning for bruk av båsfjøs i ein overgangsfase.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser