Hopp til innhold

Meiner også sauer, kyr og geiter må ha refleks når dei går langs vegane

Refleks reddar som kjent menneskeliv langs vegane. No tek fleire interesseorganisasjonar til orde for at også dyr bør utrustast med dette.

Svein Arne Bøyum

REFLEKS: Svein Arne Bøyum i Fjærland demonstrerer kor lett krøtter kan merkast med refleks.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Både Trygg Trafikk, dyrevernet og Bonde- og småbrukarlaget i Sogn og Fjordane stiller seg bak det noko uvanlege forslaget.

Søndag vart 33 geiter drepne då nattbussen frå Oslo køyrde rett inn i ein geiteflokk som kvilte i vegbana i Kjøsnesfjorden.

– Hadde eg hatt krøtter langs vegen, så ville eg sett veldig alvorleg på det og sikra dei, seier fylkesleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Kan berge liv

Fleire stader i Sogn og Fjordane er både sauer, geiter og kyr eit vanleg syn både ved og i vegbana. Gjerde og undergang er mellom tiltaka som har vore nemnde. Heggestad meiner det er bilførarane som til slutt sit med ansvaret, men seier refleks på dyra kan berge dyreliv.

– Jo større dyra er, dess viktigare er det i høve til følgjene også for dei som køyrer på. Uansett skal ein ikkje køyre på dyr som er på eller ved vegen, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Krev gjerder

SJÅ: Krev gjerder for å skilje dyr og biltrafikken.

Lettare å sjå

Med tanke på uhell og ulukker på mørke kveldar og nattetid, kan slike refleks vere førebyggjande.

Martin Braanaas Kleppe i Bonde- og småbrukarlaget tykkjer framlegget om refleks på dyr både er humoristisk og veldig godt.

– Det er mange måtar å løyse det på. Ein kan ha det i kombinasjon med bjøller, øyremerke eller på beina til dyra. Men eg trur utan tvil at dersom det er dyr i vegbana og det er mørkt, så er det mykje lettare å sjå dyra med refleks, seier han.

Enkelt og effektivt

Leiar av Dyrebeskyttelsen i Norge, Ove Myrmel, meiner refleks på dyra er enkelt og effektivt.

Han trur også at refleks på husdyr kan vere med på å redde liv.

– Alle dyr må uansett merkast i dag. Det er som regel ein merkelapp i øyret og desse kan produsentane utstyre med refleks. Då har ein slått to floger i ein smekk. Både merking og refleks i same brikke, seier han.

Video 33 geiter drepne av nattbussen

SJÅ: 33 geiter drepne av nattbussen natt til søndag.