NRK Meny
Normal

Vil melde seg ut av Sp

- Om ikkje bøndene får meir pengar må Senterpartiet vurdere å gå ut av regjeringa, meiner Sp-ordførar i Gaular, Jenny Følling.

- Om ikkje tilbodet på 720 millionar blir auka, må vi spørje oss sjølve om det i det heile teke er vits i halde fram det raudgrøne samarbeidet, seier ho.

- Mange bønder kjem til å melde seg ut av Senterpartiet dersom ikkje regjeringa kjem med eit betre tilbod i jordbruksoppgjeret,  seier Per Hilleren, bonde og leiar for Gilde sitt kontaktutval i Sogn og Fjordane.

Han seier jordbruksoppgjeret, slik det ligg føre i dag, er så dårleg at det går på tilliten laus.

- Vert det ikkje vesentleg betre kan Senterpartiet melde seg ut av regjeringa, meiner Hilleren.

Han ventar at Senterpartiet får regjeringa til å auke tilbodet vesentleg. 

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.