Hopp til innhold

Kan vinne 100.000 med lysande idé

I eit lystig lag kom dei på ideen om å skape sin eigen lysfestival i gråaste mørketida. No vonar arbeidsgruppa i Solund at dei stikk av med 100.000 kroner for årets kulturidé.

Gry Buer

LYSFESTIVAL: Gry Buer og resten av prosjektgruppa vil lage lysfestival i Solund med Ramnefjellet som ramme for prosjektet.

Foto: Gry Buer / Birger Meland / NRK

Kunstnar Gry Buer leiar arbeidet med å bokstaveleg talt setje lys på Solund i november.

– Det er eit ganske ambisiøst prosjekt der vi skal setje alt lys på Solund. Ideen kom i eit litt festleg lag og vi tenkte at vi må ha lys på denne fantastiske naturen vår. Det er ofte i slike nattlege timar ein får slike ville idear, fortel Buer.

Eigen lysfestival

Ideen er no i ferd med å bli eit spennande prosjekt som er ein av ti finalistar i kampen om tittelen "Årets kulturidé i Sogn og Fjordane" og 100.000 blanke kroner til prosjektet.

– Vi våga å ta denne ideen vidare, vi har landa på at vi skal arrangere ein festival som vi kallar Solund internasjonale light art festival. Den skal gå av stabelen til hausten i den mørkaste og gråaste tida i november . Då set vi på lyset, seier Buer.

Ramnenipa

LYSSPEL: Ramnenipa er eit heilt spesiell ved Hardbakke i Solund. No kan de øykommunen bli vertskap for ein stor lysfestival der Ramnenipa blir eit av fleire element.

Foto: Gry Buer

Skal bruke spesielt fjell

Ramnenipa, som ligg som ein vegg bak kommunesenteret Hardbakke, vert lerret for spennande lyssettingar. Den spesielle geologien gjer at fjellet gjerne lyser i ulike raude nyansar når sola skin, dette vil dei gjenskape i den mørkaste tida.

– For dei som ikkje har sett så er det nesten vanskeleg å tru. Fjellet liknar i spesielt lys på Ayers Rock. Det er dette naturlege lyset vi vil spele på, forsterke det og utvikle det. Lage det til ei ramme for andre kulturaktivitetar. Vi treng ein lysfestival, meiner Buer.

– Spennande prosjekt

Juryen som skal har vurdert dei ulike ideane som no er i finalen, er imponert over tankane til Buer og dei andre i prosjektgruppa.

Årets kulturidé 2012

DELER UT: Pål Fidjestøl i sparebankstiftinga og distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette er vel kanskje eit av dei mest spennande prosjekta vi har sett i denne runden, det er veldig nyskapande. Vi kan ha bruk for ein lysfest når det blir mørketid. Veldig modig og spenstig, dette kan bli veldig spektakulært, meiner juryen.

– Det vi må utfordre dei litt på er kor pengane kjem inn. Dei må ha noko eigen inntening på eit eller anna punkt. Anten i form av billettsal, sponsorinntekter eller frå ein annan stad. Vi må og utfordre dei litt på kva som er framdriftsplanen, seier juryleiar og kultursjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Pål Fidjestøl.

Jobbar med finansieringa

Gry Buer i Solund er godt nøgd med omtalen ho har fått frå juryen. Ho meiner at dei i Solund som står bak prosjektet har gjennomføringsevne og kraft til å få dette til.

– Finansieringa sit vi og jobbar med i arbeidsgruppa. Vi har fleire gode idear og samarbeidspartnarar på dette. I første omgang blir dette eit samarbeid med eit lysfirma, fortel Buer.

– Moderne og framtidsretta

Ho peikar på at heile prosjektet er trinnvist bygd opp og er meint å utvikle seg over fleire år.

– Vi startar med festivalen, og utfrå den kan vi sjå kvar dei neste stega går. Vi skal vinne fordi vi er moderne, framtidsretta, tenker høgt og breitt og vi involverer oss i det regionale. Vi tenker at dette har ein effekt for heile Sogn og Fjordane. Vi set på lyset for heile fylket.