Hopp til innhold

Vil lyse opp verdsarvfjord med lyskastarar

Ei prosjektgruppe ønskjer å lyse opp den UNESCO-verna Nærøyfjorden på vinterstid. Målet er å trekkje enda fleire besøkande til den unike fjordarmen.

Kjosfossen

KAN BLI SLIK: Kjosfossen i Flåmsdalen vart opplyst som eit prøveprosjekt nokre år tilbake.

Foto: Thor Andresen

– Vi meiner dette vil forsterke opplevingsverdien av verdsarvfjorden på haust, vinter og vår, seier Per Svanes. Han er koordinator for eit nytt prosjekt i Nærøyfjorden.

Kvar dag gjennom vinteren går turistbåten «Vision of The Fjords» gjennom Nærøyfjorden. Men det er ikkje så mykje turistane får sjå av verdsarvfjorden, når dei tek båten i mørkeret på vinterstid.

Dette vil The Fjords som driftar båten gjere noko med. Saman med Flåm AS og Nærøyfjorden Verdsarvpark søkjer dei no om finansiering og løyve til å lyse opp utvalde område av fjorden.

– Vi trur dette vil gjere Nærøyfjorden meir attraktiv på vinterstid og få fleire turistar hit. Dette vil vere med å auke belegget på overnattingsstader og spisestader, seier Svanes.

Ønskjer ideen velkomen

– Eg trur det kjem til å bli ein attraksjon. Sjølv vil eg gå ned på kaia og kikke på. Det blir veldig kjekt, seier Arild Dyrdal.

Arild Dyrdal

POSITIV: Nærøyfjorden er Arild Dyrdal sin bakgard. Han ønskjer lyskastarane velkommen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Dyrdal er ein av få fastbuande i Nærøyfjorden. Her er han omgitt av 1000 meter høge fjell og på ein overskya vinterdag kan det bli veldig mørkt i fjorden. Dyrdal håpar at ideen vil bli realisert.

– Eg trur ikkje det vil vere mange motførestillingar mot dette. Det er jo vanleg å lyse opp kyrkjer og skibakkar.

– Heilt utruleg

Dee Cunningham bur også i Nærøyfjorden. Han er ikkje like positiv til prosjektet.

– Eg tykkjer det er heilt utruleg. Skal dei ta ein av dei få plassane som faktisk er mørke og setje opp lys der også.

Cunningham meiner det er viktig å avgrense turismen i verdsarvområdet, slik at naturen ikkje tek skade.

– Ein ser kva som skjer om ein ikkje tek omsyn til naturen. Eg har vore i mange verdsarvområde som er overkøyrt av dei som vil tene pengar på det, dit vil eg ikkje reise tilbake.

Dee Cunningham

SKEPTISK: Dee Cunningham er skeptisk til det nye prosjektet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Lyskastarar på land eller vann

Korleis dette skal løysast teknisk er endå ikkje klart. Svanes seier at dei vurderar to ulike løysingar, enten å ha lyskastarar på båten eller på land.

– Lyset skal styrast frå båten, der vil det vere ein av-og-på-knapp. Lyset skal berre vere på når båten går forbi, forklarar han.

Prosjektgruppa ønskjer i første omgang å lyse opp to punkt i Nærøyfjorden og teste desse ut på turistar neste vintersesong. Om dette blir ein realitet er det opp til styret for verneområdet å avgjere.

– Vi er avhengige av å ha med oss grunneigarar og forvaltningsmyndigheiter. Er dei positive til det, så trur eg ikkje det vil vere så mange innvendingar, seier Svanes.

Dersom forprosjektet er vellukka, er målet å få 15 slike opplyste punkt i Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden.

Fanaraaken på Nærøyfjorden jula 2014

VERDSARV: Nærøyfjorden er på UNESCO si verdsarvliste og trekker tusenvis av turistar kvart år.

Foto: Anne Line Nesse Johnsen