Hopp til innhold

Vil lovfeste dagtilbod til demente - usamde om kor tid og korleis

Både regjeringa og opposisjonen vil lovfeste dagtilbod til demente. Men dei kranglar om kor tid og korleis.

Demente får ikkje dagtilbod - NY versjon

SJÅ TV-SAK: Regjeringa held ikkje lovnader om dagtilbod frå 2015.

Rundt om kring i landet er det framleis svært mange kommunar som ikkje har eit tilbod for demente på dagtid. Det trass i at regjeringa har som mål at alle skal ha det.

I Sogn og Fjordane manglar halvparten av kommunane eit slikt tilbod, der demente og pårørande kan få sårt tiltrengd hjelp og oppfølging i kvardagen.

Stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal som sit i helsekomiteen for KrF meiner det skortar på viljen hos regjeringspartia.

– Det viser at det er mange ønskjer, men ikkje alltid så mykje handling, seier ho og vil gjerne endre på dette.

– No treng vi eit skifte av regjering, slik at vi får meir handling. Vi går difor i bresjen for ei lovfesting av dette tilbodet, seier ho til NRK.no.

71.000 har demens

Demens er ein sjukdom som utviklar seg gradvis, og som regel er det når folk blir gamle at dette skjer.

Dei vanlegaste symptoma er svikt i hugsen, sviktande taleemne, endringar i personlegdomen, angst og depresjonar. Ofte blir det etter kvart vanskeleg å utføre praktiske handlingar og delta sosialt.

Og det er mange som blir råka av denne sjukdomen i Norge. I dag er det om lag 71.000 personar som har demens, og tek ein med dei pårørande er det 350.000 nordmenn som må halde seg til sjukdomen i kvardagen.

Skuffa over kommunane

At dei med demente skal ha eit tilbod på dagtid er eit uttalt mål i regjeringa sin demensplan fram mot 2015.

Men målet ser på ingen måte ut til å bli nådd. Som NRK Vestlandsrevyen fortalde i går er det i Sogn og Fjordane til dømes berre halvparten av kommunane eit slikt tilbod. Blant dei kommunane som sviktar er Hornindal. Der er leiaren i demensforeininga skuffa.

– Det som kanskje er problemet er å få forståing for kvifor det er så viktig med slike dagtilbod. I 2015 skal jo dette faktisk vere på plass i alle kommunar, seier Kirsti Flø til NRK.no.

– Trur du det går?

– Nei, det gjer det ikkje. Det går for seint i mange kommunar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjell Erik Øye

IKKJE ENNO: Kjell Erik Øye i Helsedepartementet seier dei vil få tilbodet opp å gå, før dei lovfestar retten på det.

Vil gjere ting i «rett rekkjefølgje»

Ordninga med dagtilbod til demente er frivillig, men i eit notat frå helsedepartementet stod det:

"Regjeringen vil innføre en lovfestet plikt for kommunene til å tilby dagtilbud til mennesker med demens."

Dette var skrive 4. mai 2010, men framleis er det altså mange med demens og deira pårørande som ikkje har noko tilbod.

– Det har teke lengre tid for kommunane å få på plass dette enn vi hadde håpa på, seier statssekretær Kjell Erik Øye for Ap i helsedepartementet.

Og sjølv om det tek tid, trur han ikkje svaret på å få fortgang er ei lovfesting.

– Det er viktig at vi tek ting i rett rekkjefølgje. No skal kommunane først få på plass tilbodet og så skal vi lovfeste det.

– I motsett fall får ei lovfesting som ikkje har noko reell verdig, og det er ingen tente med, seier Øye til NRK.no.

Skulda for manglande politisk vilje

Det er ikkje Lina Henriette Hjemdal i KrF samd i.

– Då dreier det seg om å ha politisk vilje til prioritering, seier ho.

– Det trur eg Lina Henriette veit utmerkt godt at det ikkje er. Denne regjeringa har levert veldig bra på eldreomsorg generelt, og på demens spesielt.

– Så er det alltid slik at når ein er i opposisjon så har ein eit litt friare forhold til pengar og kor lang tid ting tar. Det er opposisjonen sitt privilegium, men det blir altså ikkje betre demensomsorg av det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Line Henriette Hjemdal (KrF)

KRITISK: Line Henriette Hjemdal meiner det skortar på viljen hos regjeringspartia.

Foto: Birger Kjølberg/NRK

Usamde om tidspunktet

Uansett er begge samde om at ei lovfesting av eit slikt tilbod bør kome. Spørsmålet er berre kor tid.

– Eg reknar ikkje med at dette blir noko problematisk å få semje om på ikkje-sosialistisk side, seier Hjemdal.

Noko tidspunkt vil ikkje Øye gå inn på.

– Eg trur det er vanskeleg å vere heilt konkret på det. Igjen, eg trur det er viktig at vi først får på plass tilbodet, og så får vi sjå kor lang tid vi og kommunane brukar på det. Deretter får vi få på plass lovfestinga.

Forstår kommunane si utfordring

Jenny Følling som er KS-leiar i Sogn og Fjordane seier dei vil jobbe vidare for dei demente si sak, men at ein må ha forståing for at kommunane har hatt mange tunge reformer på gang

Ho likar ikkje påstanden om at dei raudgrøne har gjort for lite for å få på plass eit betre demenstilbod, og viser til at dei har gjort mykje for å sikre at kommunane har nok pengar til å sikre innbyggjarane gode tilbod.

– KS er mest oppteken av at kommunane skal bli sette i stand til å følgje opp det regjeringa bestemmer. Vi er mindre opptekne av at alt skal lovfestast, fordi det må ligge handlefridom i kommunane, seier ho.

Sidan både regjeringspartia og opposisjonen no vil ha ei lovfesting, seier ho at jobben deira blir å sikre at det blir nok pengar.

– KS si oppgåve er å passe på at kommunane faktisk får dei pengane som trengst for at dei skal kunne skreddarsy eit tilbod til denne gruppa.