Vil lovfeste dagtilbod for demente

FØRDE (NRK): Etter eit delvis mislykka forslag med tilskotsordning for kommunar som etablerer dagtilbod for personar med demens, har no regjeringa gått inn for å lovfeste ordninga.

Demens

VIKTIG: Eit dagtilbod for personar med demens er viktig, både for dei som har sjukdommen, men også for dei pårørande.

Foto: DAVID BECUS / PHOTOPQR/LA DEPECHE DU MIDI

Trass i tilskotet som kom i 2012, står framleis 161 kommunar utan eit dagtilbod for personar med demens. Kun halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane har etablert eit slikt tilbod.

Nokre kommunar har andre former for tilbod og har difor ikkje hatt behov for å søke tilskotet, medan andre meiner at tilskotet som på 65.000 kroner årleg for kvar plass ikkje har vore tilstrekkeleg. Likevel er dei fleste no i ferd med å etablere eit tilbod. Askvoll kommune er ein av desse.

– Tilskotsordninga dekker berre ein liten del av eit slikt tilbod, slik at kommunen må gå inn med vesentlege midlar for å få til eit godt tilbod. Askvoll kommune har lenge hatt planar om eit slikt tilbod, men grunna den økonomiske situasjonen har vi ikkje funne midlar fram til no, seier ordførar Frida Melvær (H).

Positiv til lovfesting

Meir enn 70.000 nordmenn har ei form for demens-diagnose. Og det vert stadig fleire ettersom talet på eldre aukar.

– Dette er ei gruppe menneske som treng ekstra hjelp og støtte, så eg meiner at lovfesting er ein god ting. Men eg håpar det følger midlar med slik at kommunane kan vareta det på best mogleg måte, seier Melvær.

Nina Smedsrud og Bente Lofnes

SKAPAR TRYGGLEIK: F.v. Vernepleiar Nina Smedsrud og sjukepleiar Bente Lofnes jobbar ved dagtilbodet i Førde, og ser med sjølvsyn kor mykje dette betyr for både brukarar og pårørande.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

I Førde kommune har dei i tre år hatt eit dagtilbod. Det held til i ein heilt vanleg bustad, og dei har fem plassar. Her deler dei måltid, trimmar, dreg på biltur, lagar tennbrikker, driv hagearbeid og liknande.

– For brukarane betyr det mykje å ha eit tilbod der dei kan møte andre. Det er føreseieleg og dei vert godt kjende med dei andre på gruppa. Det skapar tryggleik, fortel sjukepleiar Bente Lofnes som arbeider ved dagtilbodet.

Tilbodet er også viktig for dei pårørande, både som avlasting og som ein stad der dei kan kome med spørsmål.

Verkar også førebyggande

Toril Midtbø, førstelektor ved helsefag på Høgskulen i Sogn og Fjordane, legg også vekt på det førebyggande ved ordninga.

– Ved å sette inn riktig tiltak i tidleg fase av sjukdommen kan ein halde oppe eit betre funksjonsnivå over lenger tid. Pasientane kan bu lenger heime med betre livskvalitet. Fleire av pasientane som brukar dette tilbodet i Førde ville ha vore på institusjon halvanna til to år før dei er det i dag, seier Midtbø.