Dei vil vil lokke ungdom til lakseelvane

Brørne Anders og Bjørnar Neteland har fiska laks sidan før dei kunne gå. Dei elskar naturopplevinga og spenninga ved fisket, men er redd fiskekulturen kan gå tapt.

Eirik Hildal
Journalist

Etter å ha vore stengd i 17 år på grunn av ein dødeleg lakseparasitt, opna Lærdalselva for fiske i 2013. Elva har ofte vorte kalla "dronninga blant lakseelvar".

Dei to brørne ser få personar på sin eigen alder langs elvebreidda, både i Lærdal og andre stader. Difor har dei laga video frå fisket deira i Lærdalselva i 2013.

– Vi lagar fiskevideoar litt annleis. Det gjer vi rett og slett fordi vi er opptekne av at ungdomen skal kome til elva. Vi møter nesten ingen som er jamgamle med oss, seier Anders Neteland.

Sjå den stilige videoen med mykje stor fisk og fin natur øvst i saka. Videoen er publisert med godkjenning frå Bjørnar Neteland.

Er i ferd med å verte gubbesport

Anders er 25 år og broren Bjørnar 22. Dei har vore med sin far, som er ivrig laksefiskar, sidan dei var born. Som vaksne, skulle dei gjerne møtt fleire i same aldersgruppe.

– Vi ser at laksefiske er i ferd med å verte ein gubbesport. Det er synd, for dette er ein kultur som må haldast ved like, seier Anders Neteland.

Han seier det er tidkrevjande og ressurskrevjande å reise på laksefiske, men meiner det vil vere ei god investering av tid og pengar.

– Det er absolutt verdt det. Dette ikkje berre handlar om den sitrande spenninga ved å vente på at laksen skal hogge til. Det handlar like mykje om den flotte stunda i naturen, seier han.

Kjem til Lærdal også i år

Yngstebror Bjørnar Neteland satsar for fullt på alpint, og er på europacuplaget. Anders Neteland har også drive med alpint, og jobbar no som skitrenar i tillegg til at han studerer.

– Vi er utruleg opptekne av friluftsliv. Vi har stått på ski frå før vi kunne gå har drive med laksefiske like lenge.

– Skal de fiske i Lærdalselva i år?

– Ja, sjølvsagt. Det er ei legendarisk elv. Det er litt nostalgisk og ei enorm oppleving. Den elva har ei superstjerne hjå alle som er interessert i laksefiske, seier Neteland.

Fisket startar 10. juni.

– Ta vare på elva

Fem dagar etterpå kjem brørne til Lærdalselva, og skal vere der i fire heile dagar.

– Dei største fiskane går i starten av sesongen. Snittet går ned etter kvart. Men i Lærdal er det nesten berre 10-kilos fiskar. Det er supergøy, seier Neteland entusiastisk.

Mannen dei leiger bustad av seier etterspurnaden har auka. Med meir folk i elva, håpar Neteland at dei som regulerer fiske er varsame.

– I starten fekk fiskarane berre lov til å ta sjøaure. Og i fjor fekk folk berre lov til å ta hannfisk. Men no får dei lov å ta all laks innafor kvoten. Hadde det vore opp til oss, så hadde all laks vorte sleppt ut att, seier han.

Men han seier dei kanskje overdriv.

– For det er så mykje laks i Lærdal at eg ikkje trur det er noko problem. Eg håpar dei har kontroll, eg går ut frå det, seier Anders Neteland.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.