Hopp til innhold

Vil leve av å lage hage-skulpturar

EID (NRK): Marion Tufteland designar hageskulpturar og er ekstra glad i kattar.

Marion Tufteland er blomsterdekoratør og bur i operabygda Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Ho designar hageskulpturar og kallar konseptet for designplantar for hus og hage
Ho la ned blomsterbutikken sin i oktober 2012 og har sidan den tid jobba med å utvikle konseptet til bruk i hage.

VIDEO: Marion Tufteland kjem i programmet Grønn Glede 23. juni. Her kan du sjå innslaget med blomsterdekoratøren frå Nordfjordeid.

Enkelt sagt er designplantar som eit organisk kinderegg. Det er ei estetisk oppleving, det er morosamt, skapar aktivitet og fremjar identifikasjon og kjensler, fortel ho.

Marion Tufteland er utdanna blomsterdekoratør og bur i Nordfjordeid. Ho la ned blomsterbutikken sin i oktober 2012 og har sidan den tid jobba med å utvikle konseptet til bruk i hage.

Marknaden for butikken vart for tøff, fortel ho.

Marion Tufteland

LAGAR SKULPTURAR: Marion Tufteland ynskjer å leve av designkattane i smijern.

Foto: Heidi Lise bakke / NRK

Ho fann ut at ho ville prøve å leve av hageskulpturane. Konseptet kallar ho designplantar for hus og hage og skal gjere hagevandring ekstra spennande.

Globetrotteren

GLOBETROTTEREN: Dette er også ein skulptur designa av Marion Tufteland

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Jegeren

JEGEREN: Han er ofte ute på jakt eller frieri og kjem fyrst heim om morgonen for å få seg mat og kvile seg ut til neste økt.

– Ein katt, ei ku eller ei geometrisk form kan vere prikken over i-ei på ein terrasse eller i ein hage.

Kattemodellar

Ho kombinerer organisk material i stativa og nyttar klatreplantar. Ho har seks kattemodellar som alle har eit namn og ein karakteristikk.

– Kvifor ikkje spegle dei andre interessene ein har i livet, nettopp i hagen? Er ein katteelskar eller ein romantikar, så er hagen rette plassen å fremje det, seier ho.

Sjå Grønn Glede tysdag 23. juni klokka 19.45 på NRK 1 eller i nett-TV.

Aristokatten

ARISTOKATTEN: Dette er sofistikert, trendy og elegant i sitt uttrykk. – Elskar merksemd og trivst der folk legg merke til han, fortel Marion Tufteland.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK