NRK Meny
Normal

Vil lenke seg saman mot gruvedumping

Sosialistisk ungdom (SU) vil ha lenkegjengar for å stoppe anleggsmaskinar dersom det blir gjeve grønt lys til planane om dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

Albert Andersen Øydvin

TIL KAMP: Stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV) og Albert Andersen Øydvin, leiar i Sosialistisk ungdom i Sogn og Fjordane, står saman om sivil ulydnad mot planane om dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

Foto: Bård Siem / NRK

For å kunne utvinne rutil ifrå Engebøfjellet i Naustdal, må det tømmast store mengder restmasse i Førdefjorden. Den eine etter den andre slakta Nordic Mining sine planar under SV i Sogn og Fjordane sitt fylkesårsmøte i helga. Førdefjorden vil bli øydelagt for all framtid, var mantraet.

Ny Alta-aksjon?

Albert Andersen Øydvin

ENGASJERT: Det vil vere galskap av regjeringa å gå inn for dumping av gruveslam i Førdefjorden, seier Albert Andersen Øydvin, leiar i Sosialistisk Ungdom i Sogn og Fjordane.

Foto: Bård Siem / NRK

Fylkesleiar i Sosialistisk ungdom (SU), Albert Andersen Øydvin, gjekk lengst av alle og kravde sivil ulydnad. Saman med Sosialistisk ungdom sentralt og Natur og Ungdom vil dei gå tøft til verks.

– Det kjem til å bli ein beinhard kamp dersom regjeringa seier ja til noko så gale som å dumpe gruveslam i ein nasjonal laksefjord. Vi kjem til å lenke oss saman, tordna han.

Får støtte frå moderpartiet

Stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes, som var gjest på Sogn og Fjordane SV sitt fylkesårsmøte i helga, har på si side stor forståing for at SU sitt standpunkt.

– Det vil ikkje vere rett at regjeringa går inn for gruvedumping når faginstansane, dei fleste næringsinteressene og lokalsamfunnet er imot planane, seier Knag Fylkesnes.

– Men er ikkje sivil ulydnad å undergrave det norske demokratiet som seier at det folkevalde Stortinget har siste ordet i denne type saker?

– Nei, sivil ulydnad er ein del av ytringsfridomen vår, noko som er ein fundamental del av demokratiet vårt, sa han.

Det kjem til å blir ein beinhard kamp dersom regjeringa seier ja til noko så frykteleg som å dumpe gruveslam i ein nasjonal laksefjord.

Albert Andersen Øydvin

Lenkegjeng

Nicholas Wilkinson, leiar i Sosialistisk Ungdom i Norge, støttar Andersen Øydvin fullt ut.

– Førdefjorden vil vere øydelagt mange hundre år fram i tid dersom det blir ja til dumping av gruveavfall. Vi kan ikkje tape denne kampen og då er det rett å ta i bruk sivil ulydnad, sa han.

Også leiaren i Sogn og Fjordane SV, Vibeke Johnsen, støttar sivil ulydnad i denne saka.

– Åtak på demokratiet

Frank Willy Djuvik

PROVOSERT: Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane, likar ikkje planane om sivil ulydnad for å stoppe planane om dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Framstegsparti og varm tilhengar av gruveplanane, har ikkje noko sans for Sosialistisk ungdom sine planar.

– Det er ikkje slik at Førdefjorden vil bli øydelagt for all framtid dersom det blir gruvedrift i Vevring. Dette er ei svartmåling utan like. Vi har eit demokrati i Norge og her har vi eit ungdomsparti som går til åtak på det. Ekstra alvorleg er det at dei får støtte frå ein stortingspolitikar, seier Djuvik.