NRK Meny
Normal

Han vil gjere det lettare å selje gardsbruk

Venstre vil delvis støtte regjeringa når dei no ønskjer å fjerne priskontrollen på landbrukseigedomar, medan KrF seier beint nei.

Sveinung Rotevatn

DELVIS SAMD: Venstre er delvis samd med regjeringa om at noko må gjerast med priskontrollen for landbrukseigedomar. Men stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn seier dei ikkje vil gå så langt som å oppheve kontrollen, slik regjeringa vil.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Tidlegare i dag har regjeringspartia også fått støtte frå uventa hald. Senterpartiordførar i Luster, Ivar Kvalen, tala tidlegare måndag mot sitt eige parti. Han meiner kravet om priskontroll hindrar sal, og dermed også tilflytting. Difor ønskjer han å lette konsejonskravet.

Priskontrollen gjer at folk som vil selje gardar ikkje kan ta marknadspris, men må tilpasse verdien inntektsgrunnlaget til garden. For gardar under 2,5 millionar kroner er priskontrollen oppheva.

Vil gjere det enklare å omsetje

Venstre meiner også det er på tide å gjere noko med priskontrollen, men ikkje i like stor grad som regjeringa.

– Venstre er for at det skal bli enklare å omsetje landbrukseigedomar. Vi vil gi meir makt til den enkelte bonde og den enkelte kommune, og mindre til staten. Vi ønskjer nok ikkje å gå like langt som landbruksministeren har føreslege, som i praksis er ei oppheving av alle reguleringar her. Men vi er med eit stykke på veg, og vil forhandle med regjeringa om å få til eit fleirtal for å gjere det enklare å omsetje landbrukseigedomar, seier stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn.

Han trur dagens regelverk har gode intensjonar, men at dei i praksis er til hinder for folk som ønskjer å drive med jordbruk.

– Når vår største utfordring i landbruksnæringa er nyrekruttering må det bli enklare å få seg ein gard og skilje ut, og det vil Venstre bidra til, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gardsbruk på Løland i Hyllestad

UTFORDRANDE: Medan fleire er på utkikk etter gardsbruk, står 30.000 utan fast busetjing her i landet. Likevel blir dei ikkje seld.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fryktar det blir færre bønder

Færre matprodusentar kan bli konsekvensen av ei eventuell oppheving av priskontrollen på landbrukseigedomar. Det seier bonde og Senterparti-politikar Jan Herstad.

–Det bøndene treng i dag er eit regelverk og ein priskontroll som vernar dei mot dei kjøpesterke interessene. Om dei får fritt fram kan dei by heilt andre summar for gardsbruka enn ein aktiv matprodusent kan, seier han.

– Mi erfaring som politikar er at når gardsbruka skal skifte eigar så er det første dei søkjer om eit fritak frå buplikta. Dei har ikkje tenkt å bu på desse gardsbruka, dei er først og fremt opptekne av å kjøpe dei, men dei skal ikkje vere matprodusentar. Så dersom det er bøndene og den aktive matprodusenten ein skal ta vare på, då må ein lage eit regelverk og eit prisnivå som tek vare på dei, og ikkje dei kjøpesterke spekulantane som har heilt andre interesser.

– Får godt nok betalt uansett

Herstad meiner det ikkje er prisen på gardsbruket som gjer at det ikkje er fleire gardar til sals.

– Priskontrollen har fram til no meint å sikre at den nye bonden som skal overta skal kunne kjøpe til ein fornuftig pris. Det skal ikkje bli så kostbart å kjøpe garden at ein ikkje kan makte å vere bonde, det er det priskontrollen har sikra. Dei som har ein gard av god kvalitet med hus av god verdi, får ein rimeleg bra pris, seier Herstad.

Rotevatn er samd i at det ikkje bør bli slik at det berre er rikfolk som har råd til å kjøpe gardar.

– Vi kan ikkje få det slik at alt av gardar blir teke over av folk som vil byggje hytter. Difor skal vi ha nokre reglar. Men dagens reglar er for strenge, og det gjer det for vanskeleg å etablere seg som bonde. Så vi ønskjer å gå eit godt stykke på veg når det gjeld å liberalisere, men ikkje like langt som regjeringa har føreslege.

– Strid mot eigen politikk

Jan Herstad

FÆRRE: Bonde og Senterparti-politikar Jan Herstad tur færre matprodusentar kan bli konsekvensen dersom ein opphevar priskontrollen.

Foto: Privat
Trude Brosvik

IKKJE LØYSINGA: Fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik, meiner ei oppheving av priskontroll vil skape meir problem i staden

Foto: Eirik Hildal / NRK

Sp-politikar Herstad meiner også at forslaget frå regjeringa, og ei delvis støtteerklæring frå Venstre, strid mot andre ting i landbrukspolitikken deira.

– Regjeringa har sagt dei vil ha større gardsbruk. Då lurer eg på korleis dei har tenkt å få det til dersom ein legg opp til at dei som ikkje er interessert i å drive gardsbruk får kjøpe dei og kanskje dele dei opp. Dei som er aktive bønder må få sjansen til å kjøpe gardar som er til sals. Elles vil ein halde fram med småskalastruktur, seier han.

– Kan få «moderne leiglendingar»

Kristeleg Folkeparti vil derimot ikkje støtte ei oppheving av priskontrollen på landbrukseigedomar. Det seier fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik.

– Det har allereie vore gjort ganske mykje på dette når det gjeld mindre bruk, men på større bruk så er KrF veldig opptekne av at dei skal seljast til folk som skal bu der og drive det, seier Brosvik.

– Skal du drive den typen gardsbruk kan du ikkje ha fri prissetjing. Då får ein kanskje rikfolk som kjøper eigedomar grunna jaktrettar og andre høve, og kanskje dei som driv det vert moderne leiglendingar. Så for å ta vare på jord og jordbruk så held vi på priskontroll.

Vil ha strengare utøving av bu- og driveplikt

På landsplan står over 30.000 gardsbruk utan fast busetjing, 2000 av dei i Sogn og Fjordane. Samstundes står fleire i kø for å kjøpe gardsbruk. Brosvik har forståing for at det er ein vanskeleg situasjon, men trur likevel ikkje prisslepp er løysinga.

– Det er ei utfordring, men det har vore løyst med at mindre bruk slepp unna det. Og så tenkjer eg at om kommunane var strengare på bu- og driveplikta så ville noko av dette løyst seg, seier ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.