Hopp til innhold

Vil lempe på mattoll for å selje meir fisk

Fiskebåtreiar og nyvald første nestleiar i Norges Fiskarlag, Arild Aarvik, vil ha redusert tollvern på matvarer for å kunne eksportere meir fisk.

Skreifiske 2015 i Senja

VIL SELJE MEIR: Tollreglane gjer det vanskelegare for fiskerinæringa å kome seg inn på viktige marknader, meiner Arild Aarvik i Norges Fiskarlag.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Ja, eg ville gjort det, seier Aarvik.

Det har i lang tid vore strid om kor strengt tollvernet på matvarer skal vere, og den norske tollen har ikkje vore populær i EU. Det påverkar igjen korleis den norske fiskerinæringa kan posisjonere seg i høve til eksport.

Vil sørge for betre marknadstilgang

Arild Aarvik

BETRE TILGANG: Arild Aarfvik frå Måløy meiner det er på tide med endringar i dei norske tollreglane for å gjere det lettare for fiskerinæringa å eksportere.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

For landbruksnæringa er tollvernet svært viktig for at dei skal kunne konkurrere med matproduksjonen i store eksportland. Men hadde det vore opp til Aarvik ville tollvernet blitt lempa på.

– Vi må ha tilgang på godt betalande marknader som skal sørge for inntektene våre. Då er det klart at ein ikkje kan ha tunge tollbarrierer på viktige marknader. Det blir ei utfordring framover, og ein av dei tinga som blir viktig for sjømatnæringa, seier måløyværingen.

Tollreglane på mat kan vere ein av fleire ting som hindrar sjømatnæringa å byggje sterke posisjonar i dei rette marknadane, seier Aarvik.

– Men vi må sjå nærare på kva som faktisk ligg i vegen for dette, seier han.

Kan blåse opp til strid mellom næringane

– Fryktar ikkje du at du med dette skapar borgarkrig mellom fiskarar og bønder?

– Jo, men eg tenker at når vi har sagt at vi skal bli verdas fremste sjømatnasjon, då er vi avhengige av god marknadstilgang. Det kan godt hende vi kjem dit at vi må setje ting opp mot kvarandre, men det kan samstundes godt vere vi ikkje kjem dit. Vi må sjå kor skoen trykker i dei viktige marknadane.

For landbruksnæringa fungerer tollvernet som ein føresetnad for å kunne halde fram med norsk matproduksjon. Aarvik seier han kan berre snakke for eiga næring, og at det blir viktig for han i det nye leiarvervet å kjempe for gode vilkår for fiskarar.

– Kanskje bør vi tenke verdiskaping i sin heilskap og då er det ikkje opp til meg å bestemme kven som har rett og feil i høve til å setje næringane opp mot kvarandre.