Hopp til innhold

Trur mannen er omkomen - men vil leita vidare når snøen forsvinn

Politiet i Stryn går ut ifrå at mannen som forsvann i Erdalen i desember er omkomen, men dei vil leite vidare når snøen forsvinn.

Søker etter ustabil mann i Erdalen i Oppstryn

MANGE LEITA: Men ingen fann mannen i 20-åra som forsvann i Erdalen i Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Me har leita so grundig at me ikkje ser nokon grunn til å leita meir no, seier lensmann i Stryn, Inger Lill Lanes.

Den fyrste desember fekk politiet melding om at ein ustabil mann hadde truga til seg ein bil på Strynefjellet. Seinare vart bilen funnen i Erdalen i Oppstryn, men det var ingen spor etter mannen i 20-åra, som politiet bekrefta har ein psykisk diagnose.

I over ei veke leita store styrkar frå både politiet, Røde kors og alpine redningsgrupper etter mannen, men leitinga var resultatlaus. Også eit helikopter som brukte varmesøkjande kamera var involvert, men dei fann ingenting.

Det var temperaturar ned mot 15–20 minusgrader heile veka.

Lensmann i Gol og Hemsedal - Inger Lill Lanes.

STARTAR OPP ATT TIL VÅREN: Lensmann i Stryn, Inger Lill Lanes.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Han var ikkje kledd for å vera ute i den kulden i mange døgn, og me reknar med at han er omkomen, seier Lanes.

– Me jobbar ut ifrå at han har forsvunne frivillig, at han har gøymd seg eller noko slikt, seier ho.

– Betyr det at han har gått ut i terrenget for å ta sitt eige liv?

– Nei, det trur me ikkje.

Når snøen forsvinn til våren, kjem politiet til å starte opp att leitinga.